Solbrent, brunt. Vått og godt nytt år frå Thailand

Nyttårskvelden feira min nye og gode ven Borisk av russisk, hollandsk og israelske røter i husværet til min ven sidan 1980-talet, den blinde heidersmannen Gustav Meisler og under oppsyn og servert av hans skjønne og serviceminded thailandske hushjelp og hjelpar Anja. Ho dreg kvar kveld heim til eige hus, born og høner som legg egg, men om dagane er hos Gustav Meisler trufaste støtte og syn.

Gustav har heimstmn Tjøtta der han som 10-12åring byrja å miste synet. Via spesialskular i Trondheim og Oslo, reingjeringsfirma og charterbåtdrift i Oslo opna ei Amerikareise augene hans.Han ville jobbe med pleasureyachts og verte størst i verda på det feltet. Sjå myi@meisleryatch.com, so finn du kanskje noko for deg.Vi nytte middagen, god drikke og sigar for den som ville på terassen til den flotte leilegheita i 9.etasje på Ocean Marina og fyrverkeriet ved midnatt. Deretter på scooteren til Boris og heim til Villa Norway der hans skjønne kone Svetlana diska opp med nydelege fingermatdelikatesser. So til sengs.

Først nyårsdag dreg vi heimanfrå på scooter med satnav, frukt og vatn i bagasjen. Vel framme ved kayakken etter 15 km tett og rask trafikk, gjorde vi sjøklar, smurte oss høveleg inn med solkrem for ein totimars tur der Boris skulle lære meir kayakkteknikk i den friske brisen. Ddet gjekk så det suste og skvarr med 6-7 knops fart inntil noko sette kråkefot på oss: Den eine uteliggaren losna frå morkayakken og vi kollseglde. Ikkje mins takka vere Boris fekk vi den på rett kjøt at og eg ombord for å reve seglet. So kolva vi att og vart sitjande på kvelvet i innpå fire timar. Fleire større motorbåar såg oss, vi vinfta og veifta, men ingen kom til oss før to smårollingar iein bitteliten jolle kom bå sida og vi bad dei varsle folk i land at vi trengte hjelp.

Etter endå ein time ko m ein liten zodiak med to mann ut og slepte oss til stranda og i le for vind og bølgjer bak dei store moloane og flyte bryggene til Ocean Marina.Vi fekk vatn og kjøpt oss litt mat sitjande ved kayakken og drøfte stoda. Vi var aldri i livsfare og eg ikkje heilt stø i kva som var årsaka til at uteliggaren losna.Vit berre at det ikkje skal skje ein gong til. Vi tek åtgjerder mot det. Etter ein times pause og prat i sola, rigga vi kayakken på nytt og stemde ut att i ope lende. Vi kryssa oss attende til vår hamn,landsette, spylte og vaska og registrte ei tapt flaske med vatn som hadde vore surra og ein vasstett satnav full i sjøvatn.Eteer ein kjapp dusj ste mnde vi heim til Villa Norway og ein nydeleg middag servert på min veranda av Svetlana, Boris si kone som er profesjonell kokk og som attåtnæring lagar og leverer sine godbitar til fleire hotell i toppklassen.

Sjølv konkluderte eg med at den første soloturen mede kayakk i januar i fjor var verre. Eg var tom for solkrem og Pen heime mede sine. Men på badet fann eg på hennar hyller ei stor plastflaske med ei sol. talet femti-50- og såg meg berga. Oppdeaga først ved hamneheimkomst og i dusjen at flaska til Pen ikkje var solkrem men hårsjampoo. Vart gåande ei veke i langbukser og skjoldaqhue og heldt meg mest i skuggen.

Sola på søndag har berre gjort meg brun og eg lærte meir om kayakken og korleis den skal brukast.

Men utan min proffe ekssoldat og marinedykkar Boris, so hadde det vorte eit anna slit. 

Ikkje livsfare, men mykje tyngre og krevjande.

Søndag har Boris fri frå jobben og vi skal ut att i kayakken. Den er utruleg avansert og morosam og padle-sergle med og Boris ein ven for livet.

Med beste helsing og takk for meiningar både med og mot. Det likar eg!

Ragnar Thorseth

Skapar og Skald

-og solbrun

Ragnar ThorsethKommentar