Fylgjande ord og tankar vart tufta på tofta om bord i robåten «Bratthol Havila» på veg heim frå Shetland sommaren -15. Orda kom då eg såg at eg ville greie tur-retur roturen som planlagt og spørsmålet «Kvifor har eg lukkast?» dukka opp.
Dei same orda gjeld for alle som har bidrege til at vi no har klart å skape «Pen og Ragnar Thorseth Heime» slik det no er: Med stor og lita og heilt naudsynt hjelp av mange meir og mindre kjente vener og støttespelarar.
Denne same takka går til alle som kjem til oss og ser og voneleg vil gle seg og minnast det vi gir dei.

 

Helsing

Tankar og takk

 

Ragnar Thorseth som takkar og ser det slik:
Var ikkje fødd med sylvskei i storekjeften,
Men med genar gilde frå ætt og «galnemannsteften».
Vaks opp med hest, sauer og kyr, plikter, bøker og mykje styr.
Det var hesjing på streng og torvspa i myr.
Mett i magen so i seng. Mor høgtlas – eg draumsov som i ei eng.
Opp tidleg til jobb og ikkje fest – slått til silo bak pappa sin hest.
- Men med bikkja i båten eg likte meg best.

For vide og vågalt i ungdommens vår. Heldt fram med det i manndoms år.
Drøymde og gjorde «galne» byks med vener om bord ifrå kyst til kyst.
Utan dei mange bak meg og med  – hadde eg aldri fått sjelefred.
Åra har gått meg med og i mot – ser ingen grunn stogge tankar og fot.

 

Med beste ønskjer, takk og helsing
Ragnar Thorseth
Skapar og Skald

 

PS
«Meirårig, grånande, krumnakka, røynd mann KAN.
Sprek i skinn. Unge og litt galen i sinn han VINN!»

Men aldri åleine - og ikkje lett å styre -