Mange sprang og seglingar
Mamma Gjertrud var ikkje heilt i form då eg melde mi utkome i midten av februar 1948, og morfar Baard- dei siste 12 åra av 1800-talet gullgravar i Alaska- meinte at ho hadde best av å kome til sjukehuset i Kristiansund for å fø der. So skjedde og kva skyss det var frå Håholmen, veit eg ikkje. Det var heilt sikkert i båt dei omlag 12 nautiske mila, og den 17. februar på natta vart eg landa i hendene på kunnige folk. Etter ein dag eller to barst det i båten på nytt og heim til Håholmen i armane til mor.
Der vart eg buande med familien til midten av mai. Då lasta dei ombord mors pikk og pakk og meg i morfars stolte skute "Silver Bell" og sette kurs mot Sunnmøre. Der tok dei land i Myrvågneset ved Kaia til Peder Myrvågnes og i kjerre med hest skyssa heim i Thorsethgarden til stor stas. Odelsguten - eg- var komen heim
Det var travle dagar. 17mai skulle eg døypast i Leikongkyrkja og eg skulle ha eit namn. Opphavet ville at eg skulle døypast Rasmus etter farfar, men han nekta plent. Kan ikkje gi guten eit slikt namn, sa han. Dei vart då samde om at det måtte verte noko på R, og det vart Ragnar. (For ikkje so lenge sidan googla eg namnet og der stod det med tydelege bokstar; norrønt, gamalt namn som tyder Gudane sin Krigar-. So kan kvar og ein tolke det som ein vil og spørje seg om eg har levd opp til namnet-
Mi første offentlege framførig, hadde eg i Leikongkyrkja 17. mai.: Eg illskreik sint og høgt og sprella slik at der måtte fleire gudmødre til for å halde på meg. Eg trur det var sokneprest Gåsemyr som hadde den blanda gleda å tale høgt nok så fo,lk fekk Guds Ord dei var komne for og som til slutt namnga Gudane sin Krigar Ragnar.
Vel heime vart eg sidan og monge gonger fortalt at ei større skitbrok enn den eg kom i frå kyrkja, hadde dei aldri sett verken før eller seinare!
Beste helsing og takk frå
Skaparen og Skalden
Ragnar Thorseth
som ikkje gjer i buksa lenger, men framleis kan målbere ei sak eller anna
Fylgjande bilete er av underteikna for nokre år siden og i armkroken eit etterdåp bilete av meg sjølv fixa av Per Eide