Attersyn på året og Livet

Pen Ragnar kayak 01.jpg

Det har vore eit arbeidssamt og krevjande år både for Pen og meg. Dette er ikkje minst grunna min kanskje sjukelege kreativitet både heime i Norge og her i Thailand dei siste snart seks vekene.

Heime på Thorsethøgda har mine dagar vore fyllt med  masse fysisk skapande aktivitet for å gi "Pen og Ragnar Thorseth Heim" eit  innhald i form av nye bygningar som utedoen Sirilund, Brattholm Havilanaustet, HK_Katedralen og grunnplata til Prosjektsmia som skal vigslast med hammarslag og smedkurs og takast i bruk i mai. Ambolt og esse har eg alt klar pluss div. tenger og mange sekkar kol og koks. Å få til gards ei vedfyrt dampmaskin står og høgt på prioriteringslista.Innhaldet i desse husa er mykje og mangfaldig, stort og smått og levande. Kom og sjå når vi er klar til å ta imot nye gjestar i byrjinga av april då og Pen opnar P:T:-THAI-Godsakerbua si ved Coop Marked i Tjørvåg. Det andelege innhaldet i opplevinga skal eg vere basden for, og som mange veit er eg åpen og stor i kjeften med masse humor og sjølvironi og nokre gonger kritikk.

Vi har fått internettsider som du finn på www.ragnarthorseth.no . Der skal eg prøve å hald dokke oppdaterte på det som skjer og der kan dokke bestille. Vi tek berre imot grupper og berre ei i gongen, slik at alle program kan skreddarsyast.

Økonomisk har det vore trasig ettersom eg gjerne brukar meir enn deg har og lever etter mottoet frå min god ven reinsdyrgjetar, fiskar, fangsgmann frå Finnmark og Grønland der vi var mykje i lag. Han sa: Ja, du vet Ragnar for å komme noen  vei må du "Våge vinne- Våge tape".-

Har fått med meg at min gode ven og rosponsor Per Sævik og Havila har ridd av finansstormen denne gongen og. Det var for meg ikkje uventa og eg siterer frå ein samtale med ein vitig kjenning like før vi dro til Thailand. Han sa:." Eg trur Havila og Per Sævik greier seg denne gongen og. -Han Per Sævik har tillit." Noko som eg sluttar meg til.

Magnus vart ikkje uventa verdsmeister og min ven Fidel Castro takka for seg.Det siste var litt sårt. I den grad du kan kalle eit par gongers dagsmøte imellom 10 000 vis av  menneske og ein sju-åtte timars intens samtale med berre han, meg og den flotte kvinnelege tolken, so var vi på same bylgjelengde heile natta , medan Thor Heyerdahl enda opp  nest ved bordet og somna. Eg fortalde om far min som ville freise til Cuba ob kjempe med Castro, om ,livet på eit lite småbruk, fiske o g selfangst og jordomsegling. Ficel fortalte frå krigen og kor elendig svake og sjøsjuke dei var etter turen over golfen med opprørsskuta "Grand Ma" frå Mexico. Spanande.

Men då han byrja å snamke om vakre kvinnfolk, var han diktator og El Commandante: Dei cuban ske kvinnene er dei vakraste i vefrda, sa han... Eg prøvde meg med at der og var nokre fine i Norge og. Då sette han i :Show me one!

Eg tydde til det næraste og ropa på kone Kari som solbrun og svart i håret sat saman med dei to sønene mine og freste n av ma nnskapet ved nokre andre bord. Kari kom, helsa på C astro. Ho kom, nikka og smilte(ikkje neia) og Fidel mista nesten både mål og mæle før han sa: Beautiful, Yes, but she is a Cuban!

Etter å ha slege fast at mi kone Kari var vakker og kubansk, sa han at no skal vi dra på byen og sjå dei flottaste jentene i Havana. Han kalla til seg sikkerheitssjefen som peikte på klokka si og sa at det no no (0500 morgen) var for seint å dra på danseshow. Dei var ste ngde. Fidel tok då eit nytt kort ut av ermet og bydde heile gjengen på danseshow komande kveld. Eg takka ja, og pressis klokka 2000 kom fleire regjeringsbilar - gamle svære amerikanar og henta oss på Marina Hemingway der vi heldt hus med båtar og folk.( Gaia og HavellaII). I det flotte lokalet fekk vi heiderssplassane og etter det gnistrande flotte og sexy showet kom alle jentene til oss og vart verande lenge og prata. Fidel var der ikkje. Ikkje vart det avtalar om seinare stemnemøter med jentene heller- sovidt eg veit. Men gløymer aldri Fidel Castro. Han hadde ein charme og carisma som eg aldri har opplevd verken før eller seinare. Kallar derfor den natta i den svenske ambassaden i Havana som den mest magiske natta eg har hatt utan kvinnfolk ved mi side.-

Her i Thailand har det vore mykje byggande arbeid. Saman med Pen har vi laga ein 5 kvm stor veranda til husværet i tredje etasje  segl. Med litt proff hjelp er der no ved eine langveggen naust til kayakken vår. Den er alt på sjøen og har logga nærare 50 nautiske mil for padlepedalar og meir skal det verte. Prøver no å selge kayakktur m.m. for grupper på inntil 3 personar og samstundes få meir trening sjølv. Pen og eg skasl til Arktiken på langtur med kayakken i 2018 om alt går etter planane.Meir om det seinare. Den flotte leiligheita på toppen - Penthouset - har og eigen inn/oppgang og dei tilsaman knapt 70 rutemetrane skal no utleigast på langtid.SmartTV på 32 tommar og klesmaskemaskin skal inn 3.januar. Vi har elles vårt eige internett og tilgang til to symjebasseng i Villa Norway Resort som tel 18 hus bak sikre murar og portar. Golfbane tvers over vegen og Prinsessa av Thailand sin sommarresidens i næraste grannelaget

Pen er nok den som jobbar mest av oss to. Ho er mykje heime med foreldra og sonen Not på 13år. Saman med Mama haustar ho alle slags tropiske frukter som dei sel på marknaden i heimbyen 3 timar unna meg.

Hit kjem ho med jamne mellomrom og godt humør, vaskar og steller og fyller kjøleskapet med ulike middagar til meg.

Nyttårskvelden skal eg vere på Ocean Marina saman med ein god meirårig ven og søndag skal min nye russisk,hollandsk,israelske ven og eg på tur med kayakken.

Takka for alle kommentarar og helsingar og godt nytt år.

Ragnar Thorseth

Skapar og Skald

-og Blakk

 

 

 

Ragnar ThorsethKommentar