Sist i sekstiåra-neste 70 pluss
Her underteikna som spent og kanskje litt sjelven 21-åring etter åleinerotur til Shetland og Lerwick og stor og varm velmkomst. Ein time fram i tid skal eg få helse på Dronning Elizabeth og Prins Philip etter nykjøpt dress på sponsa av arb eidsgjevar Fjordene Tidende ki Måløy. Men mest viktig fleire timars drill av høge herrar frå dronningstaben som drilla meg i kva eg kunne sei- og ikkje seie.
Ikkje You, men Yoyr Royal Higness eller uformelt Maam. Hugsar ikkje ordrett alt, men ho spurde kofrleis mora mi hadde lika roplanane mine og om eg hadde hatt det vondt og vanskar.- At mor Gjertrud mislikte prosjektet stert, fekk hennar sameinte nikk, men då eg skulle fortelje at eg somme tider var sår på rumpeballane, sa eg sår i ryggen.(the back).
Prins Philiph var meir beintfram og påståeleg. Han sa: You are crazy man. Eg berre lo det vekk og var samd, men til journalistane sa eg sanninga: It takes a fool to know a fool.- Og det kom i overskriftene og på radio/tv. Dressen har eg enno.
Dette bildet som eg held vart teke av fotograf Furmyr då eg fire år før hadde lagt planar for ei politisk framtid og plass på Tinget. Eg hadde med god margin vorte vald inn i Herøy kommunestyre, men rakk ikkje å vere med på eit einaste møte. Eg rakk heller ikkje dagen og timen då heile Heradsstyret skulle på bilde og kommunestyresalveggen,.Furmyr meinte at eg mått inn på bildet og nøyde med til Fosnavåg for eit portrett som han mørkeromslimte ihop med dei andre. So eg heng der sjølv om eg aldri møtte. Og det var ikkje noko politiskspel frå mi side. Var aldri heime og rekna med at varamannen gjorde ein betre jobb enn eg. Og med det døydde draumen om Stortingssete. -Eg hadde elles so mange andre prosjekt på blokka - og har enno.
I morgon byrjar eg på mitt siste år som 60-åring. Mi gode og skjønne kone Pen har no tre månader i Thailand bak oss. Vi både gler og grur oss til å kome heim.. Pen si eldste dotter Nat som studerer engelsk skal med og vere hjå oss i to månader inklusiv 17.mai. Det skal verte kjekt både for ho og oss, trur eg.
Elles so vonar vi på at mange vil finne vegen til Pen og Ragnar Heime på Thorsethøgda både for god mat og ikkje minst opplevingar.Det første eg skal byrje med er å bygge "Prosjerktsmia" der både plate, ambolt og esse er på staden.
So skal vi ikkje minst padlee og segle kayakk på fritida. Kan no seie so mykje at til neste år skal vi til Arktiken mded kayakken og m.a. lage film for NRK.
Mine 70 år skal ikkje verte noko sovepute i stresslessen!