Pen og Ragnar Heime i Thailand

Som i Norge har det vore travle dagar her i Villa Norway i Jomtien, Patthaya. I aman var vi bygt balkonkong/terasse til leilegheira i 3. etasje på ca. 5 kvm og fått våre første gjestar frå Herøy og Norge, Egil og mitt syskjebarn Ranveig. Dei seier dei trivest godt her og eg har vore mykje saaman med dei. Etter husbygginga var ferdig til førre helg drog Pen heim til barn og foreldre, men kjem hit att i dag. Det vert kjekt og i morgong skal vi sjøsette kajakken som har stått under ein presenning ved eine husveggen.

Eg har fått ein ny ven, Boris, frå Russland, men busett i Nederland dei siste 15 åra.Har er ei tusenkusenkunstnar som veit og kan litt om det meste både teknisk, elektrisk og med data og har stor kunne om historie, litteratur,politikk og Adventur. Og han likar lettrøkt kvalkjøt som eg hadde med i sekken.

Elles so har eg registrert litt av det som skjer i Norge ogute i verda. Marius held fram som verdsmeister og min ven Fidel Castro har gått bort. Eg hadde ei utruleg spanande nattb saman med han i Havana i si tid. Det var den mest magiske natta i mitt liv utan kvinner, men som vi sjølvsagt drøfta saman med geriljakrig, politikk, sjøsjuke og selfangst.

Elles har eg som eg heile tida har håpa ogb trudd fått med meg at Havila med Njål og ven Per Sævik reid av stormen denne gongen og.

Helsing og takk til alle der dokke måtte  vere, men vit at på denne tida av året er Thailand betre enn gamle gode Norge.

Meir referat fylgjer.

Ragnar Thorseth

Skapar og Skald ot førebels ikkje solbrent-   

 

Ragnar Thorseth