Återsyn Håholmen Havstuer
God dag og hei godt folk og vener,
Vi har segla på jakt etter opplevingar, makelause opplevingar i tidligare kjølvatn til mi heimeøy og drøymeøy Håholmen i havgapet på Hustadvika. Eg har hatt med meg Tor Sørheller som einaste medseglar av mannskap, og han har fått prøvd seg på ting han ikkje har gjort før som du ikkje opplever på ferjesambandet Hareid - Sulesund eller guida tur til Rundabranden. På Hustadvika fikk vi dønning og det blei slingring i riggen, 14 meter høg og over 800kg tung. Og vanta dei strekke seg, og hadde komt til å gå over bord visst ikkje vi hadde fått stramma desse, først babord så styrbord og så babord igjen.
Eg var dårlig til beins med smerter i hofta, men tilsammen så greidde vi det. Og Tor var lærenem og sterk, han lærte korleis å bruke tyngdekrafta og tyngda til bakenden for å stramme til desse slakke vantane. Dette er for å få dei 4 kordelane i en vante til å samarbeide, ikkje enkelt og spesielt når mastra står å pisker som stjerten på ei linerle når ho spiser. Vi kom altså til Håholmen og der fikk Tor oppleve både delvis slik eg opplevde det og prøvde å ta han tilbake i forma dager, altså i mi morfar, bestefar og Bergseth si tid.
Eg fekk oppretta en informasjonskanal som var på toppen av "Håjen" eller høgste toppen av Håholmen. Navnet kjem fra Håg som er høg og på toppen der hadde eg ei antenne som sende ut værdata og via fleire kamera, bilder, temperatur og du kunne ta bilde av deg sjøl på kaia der som gjest. Dette var tidlig etablert når internett omtrentlig var begynt å kome ut til privatpersoner. Var eg på messer i Oslo eller andre plasser, og folk ville vite kva er dette makelause Håholmen du snakker om. Da leitte eg opp på pc'en min og der låg Håholmen i smilandes solskinn eller storm med alle mulige data. Dette imponerte folk, dei hadde knappt sett det før, og værstasjonen som vi hadde trur eg det ikkje var mange havner så var kommet så langt som oss med god hjelp av måløyværingen Finn Humbordstad som organiserte og la opp det heile. Det var viktig for meg og Kari og for å få fortalt om staden og gjere folk nysgjerrige og få lyst til å besøke oss og ha gode opplevingar og kanskje legge igjen litt penger til oss så vi kunne fortsette å renovere og bygge ut Håholmen slik vi ønskte.
I morfar Bård Bergseth, eller "Håholma" saggt med nordmørsk dialekt, var der også ei stang på toppen av "Hågen", og dit gjekk morfar kvar morgen og fra kammeret studerte han på baromeret og såg tendenser opp og ned med notater fra dagen før og hadde hukommelse om ka som då var i vente. Så gjekk han på toppen, og der va ei sprekke så han fikk ly opp til skuldrane med utsyn på 360 grader. Da studerte han horisonten, himmelen, sjøen, haure på lydane og dannet seg et bilde av ka vær som var i vente. Det han var nysgjerrig på, og mange rundt om i nabolaget var om det var forhold til å jobbe med klippfisk på berga. Og viss bestefar Bård såg at det var utsikt for dette, så heiste han et signal og iløpet av en time kom folk roande fra Kårvåg, Rangøya, Sandøya og alle andre plasser ikring. Dei fleste som kom var kvinner, og var eksperter på å jobbe med klippfisk og det som var hovedtørkeholmen, Korsholmen, som etter kvart kom i mitt private eige. Så det som eg og Kari gjorde men litt meir avansert var å føre tradisjonen vidare, ka vi har å by på, ka vi kan gi og oppleve. Slik trur eg det er med dagens eiere også, dei vil formidle og vise ka dei har å by på.
Det er bere ein av mange grunnar til at eg dro tilbake med Kvitserk, forhåpentligvis både trur og meinar eg at kan gi nye og gode opplevingar. Ikkje bere til gjestane på Håholmen, men også til dei ansatte og det likte eg at dei identifisera seg med denne makelause staden slik som eg og Kari i si tid. Damene som jobba på Håholmen da, første månadane i kjeledress med hammer og spiker, og betongblander etterkvart som gjestane kom i sin finaste bunad og sølvdekorasjon. Desse damene, var det fleire av, og dei vart værande, dei snakka aldri om Håholmen men om "Holmen" min. Dei identifiserte seg med staden og det som var målet til Kari og meg, ein makelaus møteplass.
Fiskeværet Håholmen og havstuene er ein eigedom med mange holmer, øyer og skjær. Fleire av holmane var og er bebudde, med rorbuer eller busetnad. Lamholmen, der eg også i si tid hadde villsauer, eksisterte en "sjå" enkel sak, der dei sikkert tok inn kyrne når dei skulle melkast og sauene fant ly i dårlig vær. Det gjorde også et britisk skipsmannskap, som ei vinternatt forliste i skjæra utafor Lamholmen og dei som berga seg iland fant denne vårfjøsen eller bua som stod midt inne på holmen og kravla seg sammen og overlevde natten gjennom i snø og fokk. Neste morgen vinket dei innimot Håholmen som sende båt ut for å hjelpe desse forliste og skipsbrudne sjømennene til varme, mat og sikkert tørre klær. Dette går det sagn om enda, og båten heitte "Gloucester". Og eg kan huske restane frå denne "sjåen" fra 50-tallet. Men da eg og Kari kom i 1988, så var den vekk. Eg bestemte meg etterkvart for å bygge opp igjen denne sjåen, ikkje for å berge skipsmannskap men til dei ansatte.
Hytten blei bygget etter en modell som eg fann på Svalbard, Ny-Ålesund, Kings Bay der administrerte Kings Bay kompaniet mange fangst og bistasjoner og denne var åpen for forsovidt alt folk men blei brukt mykje av besetninga i Ny-Ålesund. Eg fekk denne hytten bygd igjennom min gode venn Odd Arve Jørgensen, ytre sett kopi av sjåen som hadde stått der. Men det blei et heilt annet innhald, det blei utvendig designet som en bistasjon. Men inni komfortabel med køyer, ovn, bord, hyttebok, stearinlys og kjele. Der er det meste, kun nødig å ta med seg mat med soveplass til 4 stykker. Den blei veldig flittig brukt i mi og Kari si tid på Håholmen. Men i seinare tid er det få som har brukt den, så anbefalte min gode medsegler Tor Sørheller om å ta ei overnatting der.
Der henger en skalle over inngangsdøra, en moskusokse-skalle, som eg fant i Eirik Raudes land på Nordøst-Grønnland. Slike er det mange av i dette området, nord for Scoresbysund. Det er ikkje lov å ta med seg desse, men den kom flygende ombord i Havella, eg trur det var Hugin og Munin som kom flygende med denne og klasket haudeskallen i dekk.
Oppdraget vårt var ikkje berre återsyn med Håholmen og nye opplevingar og attermøte med mangeårige vener, det var også å hente dei to bukassene, den eine plassert bak mastra med senger og køyer og kokeapparat. Ei litt mindre kasse foran med toalett og lager for livbelte og diverse utstyr. Desse har stått et års tid iland på Smørholmen og siste leia inn fikk vi los av en hyggelig gammal venn, Smørholm er etternavnet.
Vel til kai ved Smørholmen, der mi mormor var født og oppvokst før ho kom til Håholmen, så kom det en kranbil med kompetent og dyktige folk til å løfte ombord desse bukassene. Og dit kom også min gode venn Charles Rangø, også han soneson av en "P-kallj" som i ungdommen gjorde som min morfar reiste til Amerika, kom tilbake med livsbrød og kjøpte seg hus og heim på Sandøya. Morfar og Charles Rangø sin farfar var mykje ilag og hadde delvis felles bakgrunn med familiane, og slik har det fortsatt siden. Vennskapet og kjennskapet til Charles har gått videre og det var han som kom med den glupe ideen om å berge ballasten med trålposer da den låg i plastdunker i noko dårlig forfatning. Han sa sy dokke poser av trålnotbotn-garn og da er dei sikre og lett å handtere med å krane desse i løkke. Og det blei 253 slike poser som min gode medhjelpar Ståle sydde nokre uværsdaga og på plass med all ballasten for godt etter 300 nye søm så var det lett å handtere, sikkert og bra.
Når vi kom tilbake til Håholmen etter kraningen, møtte eg også på Bjørnar Dahl Rangønes ilag med Charles seinare på dagen. Han også snakket om den nye bestyreren, Karina Hol, som har gitt Håholmen ei gjeninnføring av denne gamle heimstaden min. Det var han som først gjorde meg oppmerksom på og navnsette ho, og han var tidligere frende og nabo i Håholmen tida og medseglar på Gaia ekspedisjonen der deler med denne gjekk med 3 viking-skip fra Nova Scotia, Halifax i Canada til Washington DC å møtte president Bush på tidleg 90-talet.
Bjørnar sa om Karina Hol, ho har gitt Håholmen tilbake til folket og Hustadlandet, Averøya og det er vi takknemlig for. Vi føle oss velkomen og verte behandla som likemenn og kvinner. Han var tidligere medseglar og fortel om mange spennande opplevingar, noko som eg minte han på var at då en annen medseglar fra Averøya, skal ikkje nevne navn. Bjørnar og en annen var oppi en av gatene i New York, og skulle handle. Denne karen fikk et så gildt tilbud på et kamera med alle mulige funksjoner, fint og originalt innepakka i papir og betalte det selgaren skulle ha i dollar.
Ombord kom dei tilbake og fortalte oss om kor bra handel det var gjort på dette kameraet, men så åpna dei denne pakken på Saga Siglar og fikk ut originalkassen og den var tom. Han som hadde betalt bere lo og rista det av seg, og sa at opplevinga av denne turen og svindelen var verdt kvar einaste dollar og cent for opplevelsen sin del. Så det var stemninga ombord vikingskipa i New York. - Wish I were there