Føniks Kvitserk

Vi drog til Håholmen med Kvitserk 3 måneder etter at eg henta den der oppe og fikk den slept ned til Tjørvåg i skrøpelig forfatning. Nå er det gjort en kjempejobb med knarren i Kjeldsund. Den har fått ny og forsterket kjøl med 300 søm der ballasten på 7250 kg ligg ganske konsentrert, slik at det nå er mulig å ta den i land på ei vanlig slippvogn, det var ikkje mulig før, da måtte all ballasten ut.

Moldskred med superkrana løfter knarren opp på land med presisjon og dyktigheit

Selvåg trål har donert desse trålposane til 250 kanner med ei snittvekt på 28kg, som var i dårlig tilstand, og kannene som er i desse firbare posane gjer det enkelt å ta ut ved behov. Dessutan og minst like viktig, vi hadde knarren på land i Kjeldsund og det var litt av et løft. Sigurd Bjørkedal som bygde båten saman med sønene sine, meinte at vekta på skroget var rundt 7 tonn. Det var nokk beskjedent, og da vi løftet Kvitserk, som er søsterskipet til Saga Siglar, viste det seg at løftet hadde berre ein margin på 200kg. Skroget vog 11,5 tonn mens superkrana til Arild Moldskred har en kapasitet på 11,7 tonn. Men med Moldskred sin presisjon og dyktighet så blei dette en realitet, dette hadde ikkje vært mulig uten deira assistanse.

Knarren har fått mykje god behandling og intravenøs væske, den første som eg kontaktet for å få hjelp til dette prosjektet, og då meinar eg ikkje fysisk hjelp, var Gjøco, olje, maling og lakkfabrikken på Nordmøre. Dei sende en palle med dekksolje og terpentin av same kvalitet og topprodukt som eg også brukte på Saga Siglar. Har ikkje benyttet en annan leverandør sida, også til terrasedekket utafor Karistova. For å få hjelp til dette prosjektet var det behov for deres produkter, meir enn 300 liter til en verdi av nesten 140 000,- som blei sponset og gitt av Gjøco. Dei har faktisk trua på meg om at eg vil få båten tilbake i det som har vært mitt mål, sjødyktig og seglande tilbake i sin opprinnelige tilstand slik den var når eg fekk den bygd i 1994.

Gjøco sponset også bunnsmøring av topp kvalitet

Når det er snakk om den intravenøse behandlinga og den formidable innsatsen med ymse medhjelparar så ble det sagt at veden glefsa etter kosten. Det forteller litt om kor tørst denne knarren var etter å få ei etterlengta behandling og restauering. Ellers så var Westplast, ved Hallgeir Skorpen ganske behjelpelig med å låne meg båtplass så ballasten kom ombord, og få knarren på vogn for å finne ut av en lekkasje. Nå glinser Kvitserk igjen som det edleste gull, og det skal den fortsette med viss eg greier å få det slik eg ønsker det gjennom gode medhjelpara, for dette greier eg ikkje aleine. Det som er det langsiktige målet mitt, strekker seg faktisk lenger enn mitt liv. Eg vil ha opp eitt system og ei gruppe folk, gjerne forsterka med damer og yngre folk som er istand til å handtere og drifte Kvitserk lenger enn eg lever. Og gjennom heile livet mitt å det vidare liv, så vil eg fortsette å gjere det som eg har synes å ha gjort heile livet.

Kvitserk glanser igjen i sin fulle pryd der den står i solnedgang

Arild Moldskred i full konsentrasjon med å utføre plan og presisjons-kraningen tilbake på sjøen

Det handler om å finne på å skape opplevingar, og ilag med andre gjennomføre opplevingane og å dele dei med flest mulig. Det gir meg glede, og då får eg påminnelsen om det som min gode og kjære mor lærte Bård og meg som gutonga, og ho sa til oss: "Den største gleda ein kan ha, det er å gjera andre glad". Det trur eg på, og det opplever eg kvar einaste dag eg er ute blant folk iallefall.

Når vi dro til Håholmen onsdags morgen, den 24.juli, han Tor Sørheller og eg, så var det to oppgaver sann som eg definerte det. Vi skulle opp å hente dei 2 bukassene, som hørte til i lasterommet, framfor og bak mastra. Og ikkje minst, så ville eg at Tor som aldri hadde våre på sjøen før anna enn Ålesundsferja og hurtigbåten saggt med humoristisk vri, skulle få oppleve seilasen over Hustadvika og til Håholmen og oppleve noko av det som eg og Kari hadde skapt på Håholmen og ei staselig, flink jente der, Karina Hoel, bestyreren har gjeninnført på Håholmen. Nå er havstuene for fint folk og rike, men den er for folk flest. Som Charles Rangø sa, kamerat fra gamle og ordna dager, "Ho Karina har gitt Håholmen tilbake til folket" og i dette her så hadde eg store forventninger og det slo til.

Karina er litt av ei dame, gjestfri, godt organisert og kjekk. Og ho kjaure meg siste dagen vi var på Håholmen til apoteket på Bruhagen, eg måtte ha noko viktig medisin. Der var det som på apoteka idag, kan ikkje sende nokon for å hente medisin til deg og skal du få ut noko som helst, så må du ha med deg både pass, foreldre og faddera helst. Men eg opplevde noko anna på apoteket, det var ei staselig jente der også som var farmasøyt og eg oppga fødseldato, og så såg ho på meg og sa noko som eg hadde opplevd alle åra Kari og eg var på Håholmen, at eg vart kalla "Ragnar Håholma". Så eg sa det til ho, og eg er han "Ragnar Håholma". Så ser ho på meg igjen og seier, "Ja, men eg ser da det". Så da slapp eg noko meir identifisering.

Etter Karina og eg var tilbake på Geitøya, der Håholmen i mi tid fikk landingsplass og varelager og hus, der var det kommet dagens varer, deriblant en stor palle med øl og vin. Og det som Karina gjorde satte en støkk i meg, for der fekk eg sjå ei anna side av ho. Ho er ikkje bere flott og fin, og svimsa med ølmugger og vinglas. Ho tok denne pallegaffelen, sette den under pallen med vin og øl, ga fart over dørstokka og humpa så det skrangla i heile lasset og så ned landgangen der det sklei av. Og då fikk eg et bilde på netthinna, som eg syntes karakteriserte Karina Hol veldig godt og eg sa til ho: "Veit du ken du er Karina? Nei, sa ho. "Jau, du er den kvinnelige utgaven av Morgan Kane, med svarte bukser med sleng og revolver, Magnum 44¨kaliber i beltet. Då smilte ho, det likte ho å høyre. Forhåpentligvis heretter så går ho ikkje som fru Morgan, men Morganin Kane kjent for å trekke raskare enn Morgan, han brukte 1/15 dels sekund å trekke, ho gjer det på et tiandedels sekund. Ei fantastisk dame og vertinne som besøkande bør oppsøke og hilse ifra meg.

Det som det har dreidd seg om denne turen til Håholmen, er at dei som er med å hjelpe meg skulle få oppleve litt av eventyret på denne turen. Dette er noko som eg legg opp til kvart år med Kvitserk. Det handlar om opplevingar, og gjerne ting som enn ikkje har opplevd før, og sjå verda fra litt andre kanta, med små blikk tilbake på mykje av det som eg har opplevd. For dei som måtte vere interessert i å bli deltakarar i dette prosjektet, så kan eg fortelle at om eitt års tid, altså Olsok og 29.juli då skal vi lande med Kvitserk på Færøyane. Fyrst til kyrkjebø, på det gamle bispesetet, der kong Sverre var i si tid. Og så skal vi på dans og synge med tusenvis av folk og oppleve ein makelaus tradisjon som er å finne få plassar i verda.

Og det eg vil fortsette å seie er forsåvidt det som er begynnelsen, eg fikk ei grei avtale med eigarane av Håholmen om å overta Kvitserk, og det eg lovte dei den gangen som eg står ved lag det er at båten skal bli sjødyktig igjen og seglande til glede og læring for flest mulig folk. Det høge og langsiktige målet mitt, som eg har for vane å sette meg. Livet til Kvitserk som opplevings og læringsskip skal fortsette lenger enn mitt liv. Men til det krevs dei beste folka, ikkje nødvendigvis dei mest populære hos NAV, og eg søker både gutar og ikkje minst jenter som eg har dei beste erfaringane med som medseglera. Og det er ikkje mannskap eg søker, men det er medseglera som identifisera seg med det vi helde på med og som skal få oppleve i den grad eg framleis greier å skape opplevingar ilag med mine vennar i sør og nord, aust og vest som han Tor har fått møtt endel av på denne Håholmen turen. Og så dukker der alltid opp nye venna viss du er åpen for det. Og med det så vil eg takke dei som har gjort det mulig å få Kvitserk dit han er idag, men eg advarer dokke, her kjeme meir, mykje meir.