Villa Norway Farewell? - eller ???
Dette er noko eg har grunda og ikkje minst tvilt på i fleire år. Men no er timen komen Daniel, som Jacob Sande sa det i si varkre, men litt sorgmodige vise om ungguten på veg ut i uvissa på dei store hav mot sør Eg er ved midatt thai tid på veg mot nord og til Gamlelandet og heim. Og uvissa som eg hadde første gongen eg forlet Thailand 2. januar 1986 er av same slaget. Den gongen var eg på heimveg frå Singapore der Saga Siglar hadde vitja og vorte sponsa av norsk næringsliv og vi i familien på fire av Sjømannkyrkja med bustad,hjelp til skule for dei to gutane og mykje mat og moro. Den gongen var målet å sanke Saga Siglar Sponsorar til heimturen gjennom Europa og til Norge for å feite eit skrint budsjett.
No legg er drøymehuset i Villa Norway Resort ut for sal for å dekke dyre banklån etter rloturen i 2015 og kayakturen til Grønland i fjor.
Dette er ikkje og har ikkje vore lett å bestemme seg for. Men når nauda krev det, må sjølv dei blodfatige gi tapt Det har kosta kroner å verte kar att og byrje ekspedisjonslivet på nytt slik eg har gjort dei siste fem åra. Vel har både roturenn til og frå Shetland og kayakturen til Grønlandd gjeve dei store og gode opplevingar, men økonomisk sett har det vore store lekkasjar og hol i fartøy og budsjett.No vil eg selje drøymehuset her i Villa Norway, Jomtien, Pattaya. og kvitte meg med svinedyre lån der renta er større enn avdraga.
Dersom det finns eit eventuell kjøpar som kan tenke seg meg i toppleilegheita nokre vintermånader i nokre år framover, so kan det gje utslag i lågare pris eller god leige. Frå ein periodeleigebuar med gode og til dels utrulege soger å skalde. Og golfkompis på bana rett over vegen.
Mi thailandsoge4 skriv seg heilt attende til jul og nyttår 1985-86. Vi fire i familien leigde då ei hytte frå ein pensjonert dansk sjømann og kokk og hadde fantastiske dagar i jula. Pinnekjøtet dansken baud opp med på julafta var likevel ikkje som heime. Eg trur framleis ribbesidene hadde sitt opphav frå ei lausbikkje -.
Nyttårskvelden budde vi på hotell i Bangkok der raketten e suste forbi romdørene som ilske mygg.
http://www.vnresidences.com/en/Property/House-With-3-Bedroom-58727
Den eller dei som måtte vere interessserte i våningen kan klikke adress ovanfor. Den er til Gudmund Eiksund som vi kjøpte huset av. Det er han som skal handtere handelen. Sjølv skal eg heim og jobbe med mitt der. Og gjev ikkje opp vona om at noko godt vil kome ut av dette og.
Eg seier som ein vis grekar sa det for 5000 år sidan og som hende meg etterjulsvinteren 1986. Lukka - hepna - er med den djerve -.