Skalden skulle skrive heimeside, men enda på sjukehus
Laurdagen skulle eg skalde om mangel på mynt, men velstand i gode vener. Slik gjekk det ikkje sjølv om innleiinga står ved lag og mine ord i dag skal vere om mine vener, nokre nye, og kva vi gjer ilag.
Eg hadde fintenkt og planlagd laurdagen og til sengs fredag klokka 2300 pluss. Avbroten berre av ein nesten nattleg dotur, vakna eg kvart på åtte om morgonen med frykteleg låkt og lammelse i brøstkassa og magen. Det var sovidt eg vreid, meg ut av senga og støande til veggar og trappegelender kom meg ned i stova/kjøkenet og til kjøleskapet.. Der tok eg eit stort ferdigblanda glas med passionfruitsaft og skritta varsamt og sjelvande til sofaen, PC og telefonar.
Der var eg sitjande i tre timar å gruble på kva brøstsmertane skuldast. Det var høgresida som var låkast og det trøsta meg litt ettersom mitt hjarte som normalt,trur eg, og etter det eg veit skal vere i babordsida. So hadde eg dårleg samvet fordi eg hadde lova mine nye indiske vener; meisterkokk og kjøkensjef Tony med den kjekke kona Tina som skal til Norge i april-mai og kanskje sjå seg om etter arbeid og kanskje etter kvart starte eigen indisk restaurant i Norge. Mi heimeside og Facebook om dei, ville kanskje føre til norske kontakter.
Men. Å skrive noko som helst der og då,var ikkje å tenke på. I staden ringde eg min gode ven Trond som bur i eit av grannehus og bad han stikke innom ein tur. Trond frå Finnmark og Alta kom kvikt og utan snøscooter. I lag drøfta vi stoda og min ilske i brøst og mage. Vi vart samrøystes samde om at eg burde dra på sjukehus for ein hjartesjekk og so skjedde. Med bagen og hjelp av Trond pakka mned snus, medisinar, PC, telefonar og tannbørste, vart eg drosjetransportert til Bangkok Pattay Hospital . Der bad eg om rullestol før eg embarkerte taxien og ei hektisk, men spanande og effektiv rundreise i rullestol tok til. Det var vekt og temperaturmålingar, blodtrykk(73 under 129) røntgen og EKG, trur eg det heiter) og til slutt ein andregongs tur innom doktoren. Der llåg eg på benk både på rygg og mage og legen saumfor heile hovudskroget med hender og fingrar og leitte fånyttes etter vonde stader/punkt der han trykte.
Etter å ha studert hjarteslag og puls både frå dagen og ein 9 år gamal test han fann poå PC-en sin, slo han fast at det som feilte meg og slo meg ut om morgonen var krampe i brøstet og ikkje noko alvorleg gale. Med ein liten pose muskelavslappande pillar og ein med smertestillande, tok rullestolføraren (hadde fleire både kvinner og menn i løpet av ettermiddagen) meg til utgangen og ein taxi. Vel i husa heime og framleis med smerter og ilske i brøstet, heiv eg innpå dobbel dose av pillane eg hadde fått og ting roa seg. Det vart ei stille og fredfull natt og ei smertefri oppstoding søndag morgon.
Laurdagskvelden vel heime hadde eg rapportert til Trond om mine brøstmuskelkrampar. Han har forresten den same plaga i ny og ne. Verst er det når han ute i den tette trafikken på sin moped i eit kryss får eit slikt anfall - som hittil har enda vel. Utpå søndagen der eg heller ikkje hadde lyst og evner til ¨skalde på heimesida, drog eg til sidegata der indiske Tina og Tony( sjå you tube: A..K. Solanky) har den vesle , men supergode restauranten sin E.D.M. (eat, drink, music) med 43 stolar og ditto bord. Dei er frå New Dehli i India og har reist og jobba i bransjen nesten over heile verda minus Afrika og Sør Amerika. Etter tre års utdanning i Hotel Management har Tony i tre femårsperiodar jobba som “CHEF” fleire stader i USA, Tyskland o Dubai m.a. No er eg ein av dei “faste” gjestane som går dit minst ein gong i veka for å samtale og å nyte ei Chang langpils og flatbrød med dressing som eg aldri har fått maken til og som mettar. WEg har og hatt dette kjekke paret på vitjing heime i Villa Norway der eg trakterte med synfaring,iskaldt sodavatn, video og eigen gitarakkompagnert Mørdar Anders. Eg greidde ikkje å skrema dei, og no har dei lova å kome til Thorsethhøgda og sjå på mine galskapar og nyte mitt svarte RT øl og lettrøykt kvalkjøt frå “Kato” og Harøya. Dei vil i løpet av eit par månader sjå seg kring i Norge og vil vere på jakt etter både jobb og kanskje ein stad å starte eiga verksemd i matvegen. Eg kan gå god for både medmenneskeleg eigenskapar og fagleg kunne so langt mine vurderingar måtte telje. Ta gjerne kontakt.. Tina er vegetarianer og står over kvalkjøtet.
Elles har eg medan dei var her hatt mykje samvær med Jan Magne Hovde og Arne Holskog. Dei har teke meg med på store, flotte golfbaner, vi har samtala mykje i lag og i festleg samvær. Og dei er begge nisjegrunderar med sterk knyting til Thailand. Gled meg til vitjing frå dei og på Thorsethhøgda i løpet av sommaren.
Diverre ser eg for lite til Pen. Ho har byrja ny matbu på heimstaden sin og er travelt oppteken av det og si gamle mor. Men. Fredag kjem ho, på dagen 7 år etter at vi først møttes heime hjå meg. Det var då ho kom og spurde om jobb som hushaldar hjå meg. Dessutan har eg dag på søndag som ikkje skal markerast på noko storstilt vis, men berre Pen og meg toeine.