Kvifor var betong betre under krigen og sterkare den dag i dag?
Dokke kan berre undrast og gjerne protestere. Men provet på denne utsegna klårna for med i helga.
Då var Pen og eg på vitjing på Leikanger på Stadtlandet. Vi kom tidleg laurdag ettermiddag og rett i 81-årssamkoma for mor til vertskapet vårt; Rune Stave og sambuar Nok frå Thailand. Vi vart bydde på pizza, gryterett og mykje anna godt av den gjestfrie og kjekke storfamilien Stave. Beste og oldemor 81åringen Sigrun hugs godt journalist “Ratho” frå Kavringen (Fjordenes Tidende) og vi vart sitjande ilag ved bordet og mintes forna dager.
Kaffi og kaker vart bydd på i ei anna stove og igjen vart jubilanten og eg sitjande i saman. Eg gjekk då bilen vår og henta ei flaske av min heimelaga raudvin av chilenske druer, noko som jubilanten tykte vel om og tok fleire smånippar. Vel belåtne og mette takka vi for oss med alle hendene i saman over bordet og eit samstemt “Takk for skiftet”. Som avslutning song eg Maj på Malø til Gode Sigrun og dei andre utan akkompement, men med fakter og stryking på kinn og over håret som bøljane ville ha gjort det. Alt etter Evert Taube.
Deretter var det fisketur med draging av ein 150 onglars linestubb Rune hadde sett ut på morgonen. Eg tok årane og Rune drog lina i den milde brisen. I byrjinga såg og kjendes det svært lovane ut. Det nappa og rykte sterkt og vi vona på kveite. Men der var vi vonbrotne.. Det vart nasefiske og fleire store skater vart kleppa og lempa i fiskekassa. Fire store beist vart det og som sluttl på den siste kroken ei ufisk til. Der hang, slo og vridde seg ein glinsande svart og feit havål som ikkje fekk entre færingen.
Søndagen smilte til oss med ei varm sol og i Jaguaren til Rune drog vi først til Indre Fure og møtte kjentfolk på den vakre staden i storsteinfjørekanten under bratte fjell og høge nutar. Vel verd ei vitjing som knapt har sin make. Deretter tok Jaguaren oss gjennom skarpe svingar og over eid til Hoddevika. Den er vel i dag mest kjendt som eit surfeparadis med fleire bølgjekåte innbyggarar. På kafeen deira styrka vi oss på kaffe og nysterikte vaffelkaker med rjøme og to sortar syltety. Kjempegodt og i andre høgda var der toilett og.
Vel attende på Leikong drog Pen og Nok til fots og til fjells i skogen for å plukke sopp.Rune ville vise meg noko frå krigens dagar og til Storenest mellom Borgundvåg og Eltvika, hadde tyskerane bygd eit sabla sterkt fort-festning med m.a. 6 stk. 155mm franske kanoner. Der var tunnellar, maskingeværstillingar og vistnok ei luftverkkanon og. Festninga er ei av fleire på vår del av kysten både i sør og nord. Denne på Storeneset var verna med piggtråd og nesten 2500 landminer og 127 mann og ferdig hausten 1942. No berre eit delvis attgrodd minne utan eit einaste infoskilt for vegfarande. Det som gjorde mest inntrykk og som Rune og eg tala mykje om var dei betongstøypte veggane, taka i tunnellane og kvaliteten på arbeidet og stadane der dei seks kanonene hadde stått. Veggar og tak seg ut som beste sort stål og som om forskalingane var tekne ned på laurdag.
Kvifor er og har det ikkje vore nytta same kvalitet på våre etterkrigsbruer som bruene i Herøy og Måløybrua som år om anna må vedlikehaldast med ny betong og mykje arbeid for fleire titals millionar eller det må byggast nye for hundrevis av millionar?.
Vi takkar for oss og ei minnerik helg.
Rune trudde han hadde svaret: “Dei brukte sikkert tre spader sement på ei spade støypesand”
Har nokon eit anna og kanskje betrfe svar?
Vi takka for oss og bydde På Återsyn til Nok og Rune - og andre som vil ha ei makelaus oppleving på Torsethøgda.
Ragnar Thorseth
Skapar og Skald