NY-AXEL og Framtida med naudsynt hjelp i byrjinga. Kva og kvifor?
Før avreise til Grønland i juni
Mange tomlar opp og positive reaksjonar på min nye draum og mål å gjere historiske “NY-AXEL” sjødyktig og skinande. Men og spørsmål om kvifor ein skal støtte eit slikt prosjekt og om dette berre skal verte ein ny og annaleis fritidsbåt for Pen og meg. Fritids- livslengane båt for Pen og meg skal den og verte. Men slett ikkje berre for oss. Den skal både under restaurering og i bruk i første omgang verte ein del av opplevinga “Pen og Ragnar Thorseth Heime” som fysisk er oppe og går og har vorte veldig godt motteke av våre gjestar og andre. Og NY-AXEL vert ein del av mi f,låte opplevingar med shetlandsfarande færing “Brattholm Havila” og grønlandskayaken vår “Viking Queen” til åsyn og bruk for dei som måtte ønskje det . Sjølv har eg lagt tidlegare planar om verdshav.seglasar på hylla. Eg skal konsentrere meg o m å vere mykje heime, verte ein betre husfar og ektemann, ven, vert og Skald for våre gjestar. Og makstid på eigeninnsats i restaujreringa av nyeskuta vår som alle som ønskjer det kan få sjå og ta del i.
Planar for bruk og seglasar med “NY-AXEL” har eg sjølvsagt mange av, men dagen i dag er ikkje den rette å briljere med det. Eit minimumsmål er at alle som mått ønskje det etter kvart både får kome ombord ki og segle kortare tujrar på trygt og ,lovleg vis. Altsom ein b ruksbåt å oppleve i og med. Vassendgutane er med dette invitert.
Lenger fram i tid hafr eg og sett og tenkt. Sjølv lom eg satsar på eit liv lenger enn Methusalem kan skade skje. Genetisk etter min far og to bestgefedre har eg 30 år att for liv og aktivitet. Og sjølv sitjande i ein rullestol skal eg kunne gje folk ei god verbal oppleving på dekk eller fast grunn på tunet på Thorsethhøgda.
På sikt må eg , gjerne saman med andre godtfolk, laqe eit system/organisasjon som vil gje både båtane og tunet med alle herlegdomar og attraksjonar eit liv lenger enn mitt
.
Dette har eg gjort fleire gonger i livet og nemner kort Borgundknarren” som Sunnmøre Museum fekk bygd av meg av assuransepengane for Saga Siglar, fiskeværet Håholmen, no H. Havstuer berga, restaurert med mykje nytt av kone Kari, vener og meg og still gloing strong og utstillinga Mitt Liv om meg på Ishavs museet i Brandal.
Har florresten fått mange kommentar frå folk, kvifor ikkje den ujtstillinga kom til Herøy.- Det har eg ikkje svar på. Men “NY_AXEL” er med meg som eigar registrert i Skipsregistgeret med heimehamn Fosnavåg. Om dette efr rette stgaden for NY-AXEL etter mi tid, tlorer eg ikkje svare på no. Det som skjedde med stass,kuta “Erkna” og i ein lang periode med sun nm.ørsjekta Anna Olava er ikkje tillitvekkande. Då er Herøyspelet mykje betre drifta og oser av oppleving ogb kvalitet.
Eg skal avslutningsvis ein gong til be om ein skjerv til restaureringa asv Ny_Axel. Bk.nr. 6568.11.53653 og garanterer at alt skal kome til nytte og glede- og etter kvart også for mange fleire enn Pen og meg.
Med tgakk for interessa so langt.
Stabeisen og Skalden
Ragnar Thorseth
Som aldri vil eller kan verte heilt vaksen - bettere litt meirårig og still going strong