«NY-AXEL», no ukjend, men levande fiskerihistorie og litt krigshistorie frå Herøy, fortener ny hamn og framtid. Skalden og skaparen med von og ei bøn om hjelp.

Skorpa og Gerhard Skorpen er truleg mest kjende for deira deltaking i den siste storkrigen. Skorpa og Vårfjøsen som gøymestad for flyktningar på veg til fridom og kamp mot nazistane i Norge og Europa. Gerhard i krigshistoria kjend som Lingemann og ein av dei fremste losane med flyktningar til Shetland og krigarar og spionar, våpen og anna utstyr til Norge. Han måtte røme sjølv også frå tyskarane og drog med kjærasten Sina i vesterveg der dei  vart gifte og fekk sitt første barn; Gunnar Skorpen. Etter krigen kom to gutar til; Endre og Hallgeir og alle tre er i dag båtbyggarar.

Gerhard, som eg frå barndommen kjende, var ein smålåten, venleg og blid kar som tok oss gutungane på alvor og med skjemt og smil når vi møtte han.

 
«Axel». Eigar: Gerhard. Bygd i 1936. Lengde: 27 fot. Sleit fortøyningane og forliste i 1960. Her med Johan og Gerhard om bord.

«Axel». Eigar: Gerhard. Bygd i 1936. Lengde: 27 fot. Sleit fortøyningane og forliste i 1960. Her med Johan og Gerhard om bord.

 

Attende i Norge og på Skorpa tok Gerhard opp att livet som fiskar på eigen sjark «AXEL» og samstundes ein av dei første i Norge som  m.a. byrja å lage småbåtar i plast, av alle stader på veg- og rutebåtlause Skorpa.

Då hans 27 fots sjark Axel, bygd i 1936, sleit seg og vart knust mot land i ein storstorm i 1960, hadde Gerhard truleg klare planane for sin «NY-AXEL». Skroget vart på pluss 30 fot, bygd hjå Brødrene Løvik i Romsdalen, med ein 33 hk luftkjølt Listerdiesel. Men utrustning og bygging av styrehus og lugar forut i den dekka  båten vart revolusjonerande og nytt i Norge. Taket på heimenaustet på Skorpa måtte lyftast for å få plass til den stolte nyeskuta «NY-AXEL». Plast og polyester vart også nytta i overbygg og lugartak – noko heilt nytt den tida. Skuta var sjøklar frå heimeverftet på Skorpa med kjenningsmerke M 196 HØ som den gamle «AXEL» og eit storsyn for både fiskarar og unggutar som meg.

 
«Ny-Axel». Eigar: Gerhard. Bygd i 1962. Lengde: 30 fot. Seld til Arne Kopperstad i 1970.

«Ny-Axel». Eigar: Gerhard. Bygd i 1962. Lengde: 30 fot. Seld til Arne Kopperstad i 1970.

 

I ein parentes nemner eg: - Fekk sjølv min første tur med «NY-AXEL» som 14-åring ein laurdagskveld utan kunne og løyve heimanfrå og med son Gunnar som skipper og ekspedisjonsleiar. Vi skulle til Ulsteinvik der Gunnar hadde sett ei so uvanleg ven og triveleg jente. Ho heitte Marit viste det seg. Vi møtte ho på haldeplassen og etter kvart var ho og Gunnar kjende og  gifte. På opp- og heimtur sat eg mykje av seglasen i kahytta to trinn ned frå styrehuset og høyrde platespelaren, betimeleg slingredempa, spele «500 miles away from home…». Vel attende og ved kai i Myrvågneset vart «NY-AXEL» nøye fortøygd som då vi tok den, og fortøyningstampane kveila presis som då vi løyste dei. – Heller ikkje Gunnar hadde løyve til denne turen. Eg sneik og stiltra meg heim og opp på loftet og under dyna i romet mitt Arka som eg stilt hadde forlete mange timar før.Seinare hadde Gunnar og eg ein liknande tur til Eggesbønes. Då hadde eg proviantert med ei flaske av mammas heimelaga stikkelsbærvin.

I 1970 selde Gerhard Skorpen stasskuta si til Arne Kopperstad, han seinare til Børre Aurvåglid, no 96 år gamal. Dei siste 8-10 åra har «NY-AXEL» stått på land i Garvika ved Smedvik Mek. Verksted utan tak eller anna dekke og er sterkt prega av det.

Eg har aldri gløymt den gjeve skuta og tenkt utan å kome på noko smart. Men i gravferda til Lingemann og Gerhard Skorpens ven Joachim Rønneberg, dit Hallgeir Skorpen og eg drog ilag, kom openberringa. Eg ville prøve å overta skuta og gjenskape ho til det ho eingong var. Hallgeir tykte det var ein frisk ide og støtta tanken om at «NY-AXEL» skulle få ei ny fram- og levetid.

5. november vitja eg eigar og heidersmann 96 årige Børre Aurvåglid som utan å blunke signerte meg som ny eigar og disponibel plass til der den står i dag i tre år framover og tid til å gjenskape «NY-AXEL». Eg fekk ein klem attpå.

 
Dei siste 8-10 åra har «Ny-Axel» stått på land i Garvika ved Smedvik Mek. Verksted utan tak eller anna dekke og er sterkt prega av det.

Dei siste 8-10 åra har «Ny-Axel» stått på land i Garvika ved Smedvik Mek. Verksted utan tak eller anna dekke og er sterkt prega av det.

 

Etter det jobba eg 12-15 timars dagar med å bygge hus over skuta for å stogge forfallet. Eg rydda og kasta mykje ødelagt og ikkje brukande utstyr, demonterte den pluss 50hk store dieselmotoren som heile tida har stått med sjøvatn på eine sylinderen, tørka og støvsuga og laga gode luftingar i lugar, styrehus og under dekk og dørk.

Fullstendig oversikt over kva som må til for å gjere «NY-AXEL» sjødyktig og skinande har eg ikkje. Men; store deler eller heile dekket må nytt, ny motor, vøle og forsterke koparsaumen under vatn pluss-pluss. Men det meste i styrehus og kahytt skal takast vare på som det er.

 
Eg sette hus over skuta for å stogge forfallet.

Eg sette hus over skuta for å stogge forfallet.

ny-axel-no-3_web.jpg
 

Mykje skal eg gjere sjølv og med gode rådgjevarar som mine vener i Bjørkedalen, Skorpenbrødrene og fleire andre ser eg løysingar. Ikkje minst har mi kjære kajak-kjende kone Pen sagt ho vil vere med å ta eit tak. Det er kjempebra. Ho kan å bruke både kniv, hammar og skiftenøkkel m.m.
Fjernsynsfilm tenkjer eg og å lage om prosjektet der ein jomfrutur med «NY-AXEL» til Skorpa eller truleg mykje lenger vert  med. Ikkje minst skal dei førre eigarane og brukarane som Børre og Skorpengutane ta del og fortelje.

Med «NY-AXEL» no trygt og tørt på land, sit eg i huset mitt i Thailand, tenkjer, legg planar og ikkje minst kviler ut etter fjorårets slit, kav og motgang, men som kom i mål slik eg ville:
Takke Pen for livet og dei snart åtte nye åra ho har gjeve med kajakturen til Grønland, fortalt gjennom TV-filmen for ei fantastisk kvinne som fann, berga meg og lever med meg.
Men. Om dette med «NY-AXEL» skal kunne gjerast treng eg midlar – kroner.  Mi statsløn går i hovudsak til dyre renter og avdrag på underskot frå mine siste to ekspedisjonar.

Støtte til «NY-AXEL» - nytt liv – ny framtid. kan sendast til min konto i Nordea, Ulsteinvik kontonr. 6568.11.53653 merka «NY-AXEL»

Dei av dykk som vil ha nærare kontakt, mail meg til ragnar.thorseth@gmail.com

Er heime att i Norge 28. mars og klar til dyst med vilje, idear og energi - og evne til å lære meir og nytt.

Ragnar Thorseth - som takkar for stor interesse i mine «galskapar» hittil.
Skapar og Skald

- som aldri meir vil gi opp -

Ragnar Thorseth