Mi kjære Pen heim til Torsethøgda i dag

Eg sit og dirrar av spaning og ventar på tida då eg skal køyre til Hareid, ta snøggbåten og ta imot Pen på Vigra litt over klokka 12. Eg har mykje å fortelje og vise ho og gled meg til at ho fyller huset med sin levande varme og omtanke. Litt har eg fått gjort med god hjelp som vaska og rydda hus og uthus og vaska både koppar og klede. Mykje åleine og mykje med god hjelp.

Vi skal ikkje ut og padle i dag, berre slappe av og samtale og kose oss med noko godt å ete.

DSC00975.JPG

Har elles mykje eg skulle ha fortalt dokke mine vener på nett og i kvardag. Men det må verte berre med dette store i dag.: Pen er her og Heime -

Ragnar Thorseth