Sjuåring med dag i morgon kjenner seg som ukyssa 17-åring på denne dagen.
Vart dette vanskeleg å skjøne når den det gjeld er underteikna Ragnar Thorseth? Eg skal freiste å forklare, men først eit lite sjølvportrett frå dei tidlegastde barneåra:
Mitt første liv ute av havet i mor si livmor, byrja i Kristiansund 17. februar i det Herrens År 1948 i kinesisk tidsrekning; Rottenes År, 1948. Mor med ein sparkande meg i magen, vart skyssa av morfar og xgullgravar Baard Bergseth frå Håholmen og til sjukehuset i bya og nådde med nød fram i tide før underteikna sprella ut i frisk luft og fridom. Etter eit par dagars kvile ville både mor, morfar Baard og eg, trur eg, attende til Håholmen med morfars gilde skute "Silver Bell". Det var min første tur på sjøen og sjølvsagt gjekk vi leia utaskjers. Snaue tre månader seinare hadde mor pakka sitt pikk og pakk og lasta ombord i "Silver Bell" og med meg i korg eller vogge(hugsar ikkje) gjekk vi Hustadvika og sør gjennom Stopleleia, den lange Harøyfjorden og til Gurskøya og Myrvågnesvågen der "Silver Bell" vart fortøgd og far, farfar, farmor og tante Gudrun køyrde mor og meg til Thorsethøgda og garden der eg var odelsgut. Ferda i maisnøen gjekk med hest og slede er eg vorten fortald. Hugsar enno lite frå den tida. Hugsar berre det eg er fortald om dåpen 17.mai i Leikongkyrkja. Der illskreik eg so lenge og høgt at sokneprest Gåsemyr stutta ned på preika for å få døypinga unna og meg ut av kyrka. Eg skulle etter skikken døypast Rasmus etter min farfar Rasmus, men han sa nei. -Kan ikkje kalle guten Ras-mus.hevda han. Slik vart eg heitande Ragnar, eit godt norrønt vikingenamn og som tyder: Gudane sin Krigar.-
Her på øverste bilde morfar gullgravar og væreigar Baard med barn og barnebarn i klippfisktørkinga kvar sommar på Korsholmen og Håholmen der broder Baard og eg alltid tok del og såg fram til kvart år. Under farmor Agathe og farfar Rasmus gardbrukar og bankkasserar som sin far og min oldefar Ole Thorseth. Han var den første i farsætta som midt på 1800-talet kjøpte og slo seg ned på Thorsethgarden. som bankkasserar og gardbrukar.
No må eg styre skrivelysta og hoppar fram til søndag 13.august 2000. Etter ein vikingeskipseilas med sønene Njål og Eirik til Island med eit alter og heimatt med tre premiehestar, vart eg sitjande ein heil føremiddag pluss og røde med Thor Heyerdahl som eg kjende frå før. Han skulle vite alt om det å segle vikingeskip og ikkje minst å frakte levande dyr frå Island og heim. Eg skulle starte med oppdrett av islandshestar m.a.
Om ettermiddagen vart det ridetur med min islandshest Isak og ei hestejente som jobba med dei pluss 20 hestane eg hadde då. Den turen enda med for meg tre månader på St.Olav i meir og mindre koma og so lam i venstre sida og heim på høgda i ambulanse og på båre. Vel inne i stova rulla eg for eigen maskin ned på golvet, kraup til godsofaen min med raud mix og fyr. Der bad eg sjukesystra som skulle ta seg av meg kveld og natt om ein gin/tonic - som eg til slutt fekk. Eg fekk fyr på røyken som eg med ei hand hadde rulla, ein smak av GT-en og kjende velværet sige på. Ikkje til å fullfortelje dei kjenslene med bikkja Rani ved mi side i sofaen.
Eg kom meg etter kvart ustøtt, men trygt, trur eg, både på beina, på traktoren og i båten og uløyves i bilen. Men lett var det ikkje. Eg var nesten tom for tankar og røynsle.Slik vart eg gåande i 11 år i eit delvis både fysisk mentalt koma og hadde klare planer om effektiv og anonymt takke for meg i denne verda. Dette var stoda då eg for sju år sidan var på det som skulle verte mi siste utblåsning og Thailandtur.
I går var det på dagen 7 år sidan ei ung og vakker jente kom til uteplassen og døra mi, helste og etter kvart spurde, om eg ikkje trong ei hushjelp til å stelle hus, mat og klede til meg.
Eg svara ganske tvert nei og la til at ho og var for ung for meg. Tenkte nok då litt i andre baner og pedofil er eg ikkje! Vel. Vi skildes som vener og vart samde at ho skulle kome attende neste morgon. Då skulle vi talast i alvor. Ho kom kl0900 og eg starta dagen berre med å drikke vatn og kaffi til ei forandring. Ho heitte Pensri, berre Pen i daglegtale og hevda og dokumenterte at ho vart 37 år den hausten til mi store undring. Vi tala laust og fast om våra liv, foreldre, barn og arbeid og ved ein glipp frå meg skjøna ho at eg hadde fødselsdag neste dag, den 17 februar 2013. Ho spurde då om eg skulle ha selskap noko eg sanna. So ville ho vite kva mat eg skulle servere mine vener. (Mat, tenkte eg men svara på ein finare måte enn dette. Dei får no vel for helvete mat heime-)
Ho vart sjokka då ho skjøna at heile min meny var av det flytande slaget og protesterte høglytt. - Eg skal kome og lage mat til deg og dine vener, sa ho den kvelden på dagen og timen no for sju år sidan. Det greidde eg ikkje å seie nei til, gav ho nokre hundre bath til å kjøpe mat for og gjekk til køys. Neste morgon, den 17.feb. kl. o0800 eller 0900 kom ho med femseks fullstappa nett med både det eine og hitt før ho byrja å rydde og vaske i huset. Eg fekk ordre om å dusje, skifte skjorte og gå og klippe hår og skjegg-. Og gjorde som ho sa.Klokka vart seks og venene min kom til ei ny og forunderleg og annaleis verd i hus nr.4. Innimellom vasking og matlaginga hadde Pen dolla seg litt opp og ingen meg medrekna skjøna kva vi såg og fekk servert av Pen den kvelden på min 63-årsdag. Mine drikkevarer vart knapt smakte på og då vi skildes var vi alle samde om at vi hadde hatt ein særs gild kveld-.
Pen drog heim dit ho budde etter å ha vaska og rydda, men kom attende til Villa Norway Resort, Hus 4, neste føremiddag. Då fekk ho jobben som min hushaldar og flytta inn på gjesteromet. - Og det gjekk lenge før vi byrja å dele seng og soverom, men det er ei anna soge. Det vart altso etter kvart sambuarskap og giftarmål både i Norge og her i Thailand og eg skal gjere mitt til at det skal vare lenge - mitt nye liv som i morgon laurdag har 7-års åremål.Hit kjem våre tre barn, mine thailandske svigerforeldre og berre vi skal kose oss med mest thaimat, trur eg, men og pinnekjøt, lettrøkt kvalkjøt frå "Kato" og Harøya og eit spekekjøtlår frå Meister Brudevoll i Ulsteinvik. Kan det verte betre? Eg berre spør.
Kan ikkje slutte dette brevet utan eit par linjer til. Min gode ven Trond frå Alta, min forlovar her i Thailand, sa det slik: -Vet du hva Ragnar, du har vunnet den største gevinsten i Vikingelotto. -Men jaggu tok du mange lodder også-. Når eg spør Pen og det gjer eg framleis og ofte: "kva såg du eigentleg i meg då du kom på døra og spurde etter jobb?". Ho svarer kvar gong det same: " I saw a man who needed help and I wanted to help him!" Dette veit og trur eg på og takkar ho for mitt nye liv på rett kjøl. Takk og til det norske helsevesen som har korrigert mitt innebygde gyrokompass, stabilisatorar og styring som kom ut av lage då eg fekk hesten i haudet 13.august 2000.
Dette skal vi markere med vår forseinka bryllupsreise og mi takk til Pen i kayak langs Grønlands vestkyst og til Kapp Farvel i sommar. Har enno ledige plassar i fylgje og moderskip "Havella II" så les meir på våre heimesider og ta kontakt pr. mail til ragnar.thorseth@gmail.com om du er interessert i å vere med..
Takk til alle som har fylgt meg so langt og lovar meir i neste brev.
Ragnar Thorseth . Skapar og Skald. -Meirårig, grånande, krumrygga, røynd mann Kan! -Sprek i skinn - ung og litt galen i sinn- og Vinn! Men aldri åleine og ikkje alltid lett å styre -