Skjønnheten Pen og Uhyret King Kong(ragnar) i kayakk til Grønland med dei beste medseglarane

Oddkajak3.jpg

Det er ikkje pengar som tel mest for å verte medseglar på vår signingsferd i kayakk til Grønland. Dei første og fremste av våre medseglarar påmønstra har hatt min tillit og venskap i meir enn 50 år. Eg nemner skipper Gunnar Warholm som er samårig med meg og vi stod konfirmantar saman. Eg nemner Elin Gullhav Moltubakk som har segla med meg til Grønland alt i 1978, har vore mitt kontor, manager og styreformann so lenge eg har dreve som oppdagar og journalist og min styreformann både i namnet og gavnet i alle år. Det var Elin og Gunnar som tok leiarjobbane på Håholmen i 2000 då eg vagga rundt med knust skalle etter å fått hesten i haudet og kone Kari sin rygg kollapsa etter eit langt liv med hardt arbeid.Tillit kallar eg det.

Det var og Elin og Gunnar si forteneste at eg greidde å selge Håholmen til erkekøpmann- og ven -Erik Berg i Molde. Han såg kva to det var i dei og ville ikkje kjøpe holmen utan at dei var med i handelen som drivarar eitt visst antal år. Heldigvis og takk, sa dei begge Ja til det. Dei har og takka ja til å vere grunnstammen i vårt mannskap av medseglarar og betalar sjølvsagt ikkje noko for det.- Det er lønna dei får og mi audmjuke takk.

Pen Ragnar kayak 02.jpg

Ekspedisjonsplanane med den tre ettapper lange Grønlandsturen med Pen og kayakk meldt her på heimesida mi, Facebook og Linkedin, har vekt merksemd og interesse - og påmeldingar og kjøp av etappereiser.

Ikkje den sist påmeldte og betalande, men hittil eldste og todetapperpåmeldte er heidersmannen Wiggo Carlsen, 75 år, og opphaveleg frå Tjukkaste Gruenerløkka i Oslo. Han berre kom til meg ein kveld i Pattaya og spurde om eg hadde plass på etappen til Grønland og om han kunne få vere med. Eg såg på denne godslege tettbygde karen med glimt i augo, brukte min sjuande sans og sa tvert ja. Etterpå fekk eg vite at han var utdanna verktøymakar og i ein mannsalder har eigd og drive si verksemd på Kongssvinger. Verkstader og industribedrifter var hans kundar og på det meste hadde han service- og v edlikehaldskontrakt med Avinor på 43 flyplassar i Norge., Her har han saman med medseglar og fotograf Odd Ragnar Lund fått dreia og smidd 4 rorstammer til mine to kayakkar laga av beste slort syrefast stål. Dei originale er av plast som knekk og smuldrar bort fleire gong i året. Der har dei mykje til felles med den fabrikklaga originalen som etter mi meining best er eigna for større sy mjebasseng. Eg har gjort meir e nn eit titalls forbetringar og forsterk ingar på vår skute her i Thailand. Utan turane og treninga her, hadde det vore det reine sjølvmord å prøve seg på Grønlandskysten. Fartøyet er elles smart laga og morosamt å segle og trøpadle. Noko Wiggo har fått prøver saman med Pen og meg.

wiggo nær og r.jpg

Wiggo er alt no utnemnd til maskinsjef på Havella II som har den same 230 hk Man motoren som eg sette inn då eg kjøpte rusta opp den gilde skuta før vi drog til 79grader nord og overvintring. Men. Wiggo har og antenner og empati. Han skal vere Pen si støttekontakt og samtalepartnar under vegs og min mentor og bremse når sjø, skavl, vind og straum stangar i baugen og eg sver ,ser på klokka og tenkjer på ETA.(estimated time of arrival) og avtalar

wiggo i flau vind.jpg

Wiggo og eg logga på det meste 5,7 knop i 6-7 knops vind. Men meir skal det verte på Grønland, Wiggo!

Meir fart var detog på meg i føremiddag då eg skulle rydde i stova og kjøkenet: Pen hadde telefonbede meg om å bosskaste ei kass med fire store og uflådde annanas. Dei hadde stått attgløymde for lenge. Eg tok pappkassa og fek ei n tjukk stim av små flygande beist midt i trynet. Tok kassa til døra og kasta den ut i gågata vår i nnafor porten. På veg inn att r.øska eg med meg det eg trujdde var sprayboksa med insektsdrepar og stoffa heile stova og kjøkenet. Dei ørsmå beista dauda ikkje. Dei berre landa og byrja krype langs bord, stolar og kjøkenbenkar. Då såg eg at dei hadde fått ekin lysare let. Først då eg såg på den delvis kvige venstresleggza mki og las kva som stod på b oksa, forstod eg tabba:Red FOX,acrylliv spraypaint, no. 40 white. Eg hadde sprøytelakkert dei med kvitmaling -.

Får seie det som Ibsen i femte akt av Peer Gynt:" Sjå det fekk Fanden fordi han var dum og ikkje    berekna sitt publikum"

14550844_1198728273522607_123872854_o (1).jpg

Takk for all merksemd hittil og eg har gjort større brølarar med sprayboks enn i dag. Myggen er daud. Det var verre ein solo kayakktur i fjor då eg smurde meg inn med det eg trudde var 50 solkrem, men visste seg å vere hårshampo då eg etter 7-8 timar i sjø og gneistrande sol kom i dusjen. Då måtte eg halde meg i skuggen og innandørs i ei veke.

No takkar eg for meg og skriv del.del.del. og sjå heimesida ragnarthorseth.no. Du kan frettemeir på mkin mail ragnar.thorseth@gmail.com om du vil vere med til eller frå Grønland i sommar.

Rag nar Thorseth,

-som aldri vert feilfri eller pensjonist-

Ragnar Thorseth