Det bur ein Sputnik på taket med sin viv Vivian heime hjå Pen og meg.
Det eg sa no er både sant og ikkje sant;
Dei bur på taket over vår andrehøgd med to soverom, bad og veranda. Og dei har sjølvsagt tak over hovudet og, synes eg, den flotte balkongen so m pen og eg snikra i fjor før jul pluss storstove med Hjellegjerdesalong i hud, flott kjøken med det som trengst attåt og vindaugo til utsyn ogb lufting på tre sider. Dessutan har dei sjølvsagt eit fint soverom med både aircon og vifte i taket og som i stova store speglar og bilete av Pen og meg. Stort og fint baderom høyrer og med med klevaskemaskin og dusj med stereoanlegg og dyser som sprutar oppover! Dei har sjølvsagt som vi nede vårt eige inter nett, fjernsyn og radio som tek inn NRK Møre og Romsdal direkte. Men då er klokka seks timar meir i Thailand. Dagsrev yen ser vi i opptak seks timar etter sending eller kl.0200 om natta når vi normalt søv. Den vert derfor servert til frukost - .
Medan Pen og eg prioriterar sjølivet og kayakken vi har her, er Vivian og Knut Storbukås mykje opptekne av den gilde barneheimen dei arbeider og brenn for. Og sjølvsagt dagar i sol på stranda sju gangande minutt unna.
Eitt har eg likevel tigga meg til og fått eit førebels Ja frå Vivian. Vi skal alle fire ha ei hyggeleg stund på balkongen med gitaren eg fekk frå Rolf Frøysa jr. ifjor vinter. Då vert det frå mi side "Maj på Malø" til to gilde kvinner. For: Kva og kvar hadde Knut og eg vore utan desse? Eg berre spør -
So har eg jobba mykje med sommarens store grønlandske Eventyr i kayakk: "Skjønnheten og Uhyret skal padle vestkysten til Kapp Farvel og lage inntil tre filmar for NRK under vegs. No har sunnmøringen i meg ( har både vorte kalla jøde og araber) starta salg var køyer og deltaking til interesserte og av 12 medseglarplassar tilsaman, so har eg berre fem att. Meir om dette i neste brev på fredag og sjå elles førre loggbokbrev.
Pen er mest her hjå meg, men då den einaste og yngst sonen vår Not, ringde og klaga på tannverk frå v eksande vaksnetenner, måtte ho heim ein tur og vere trøystande mor. Meg kallar ho elles "den største babyen" sin. Kanskje noko sant i det. Eg held i alle høve på ungbdommens glade galskap og skal aldri vere meir enn MEIRÅRIG!-
Ny vener dukkar og opp her i Villa Norway. Min besteven og samsiglar Boris og viv Svetlana har vitjing frå Amsterdam av to mellomårige karar som ein dag var med meg på golf bana for første gong i deira .liv - og likte det. Mandag skal dei med på tur i Kayakken. Andrey frå Leningrad og Paul frå Amsterdam er det:
Med beste helsing Skaparen og Skalden
Ragnar Thorseth som tykkjer, trur og VEIT at
"Meirårig, grånande, krumrygga og røynd mann Kan!
Sprek i skinn - ung og litt "galen" i sinn han Vinn!
- men aldri åleine og ikkje lett å styre -