Skjønnheten og uhyret -THE SPECIAL TWO til Grønland i kayakk 2018
Du las rett. Vi skal padle vestkysten av Grønland til Kapp Farvel og saman med fleire andre oppleve det store atlantiske og arktiske Eventyret. Vil du være med so les vidare om Ekspedisjonen som skal verte ei av mine gåver til Pen for at ho gav meg eitt nytt og betre liv. Ho skal saman med nokre av mine medseglarar og vener få lære litt om det som hadde vore hovuddelen i mitt "FØRSTE" liv. Det lengtar eg ofte attende til - og no når eg er i Thailand og for tredje eller fjerde år på rad trenar og øver oss i vår kayakk her, maken til den vi har heime og skal bruke neste år.
Vi skal ikkje padle til Grønland, men sjøsette og segle når vi gjer fleire strandhogg på Færøyane og Island. Der har eg vore mange gonger - først som fiskar i to år- seinare mange gonger med mine båtar som "Cleng Peerson", "Santho" "Saga Siglar", Gokstadskipet "Gaia" og siste gong som skipper med Saga Siglar sit søsterskip og knarr "Kvitserk". Den gongen hadde vi med altertavla til stavkyrkja i Vestmannaeyar og tre flotte islandshestar med heimatt til Norge.Eg kjenner mykje godtfolk alle desse stadane som vil ta oss vel imot.
Moderskipet er ikkje noko mindre og gildare enn mi skute gjennom meir enn femten år "Havella II". Den skal hus kayakken og alle som er med over dei store hav, men inga overvintring neste år som vår familie; Kari, Eirk, Njål og eg gjorde det på Svalbard og 79 grader nord 1987/88.
Vi dreg frå heime og Norge i byrjinga av juni og skal vere attende i Gamlelandet midt i august.
Nokre viktige facts.:NRK vil ha inntil tre filmar frå turen. Hovudpersonen i filmane og turen vert Pen som saman med oss skal segle til Grønland og i og langs Grønlands vestkyst i kayakk saman meg meg som isbjørnvakt og guide. Og i Grønland skal vi både til storbyen Nuuk(Godthåp) og mange småstader der ho får møte sine frendar, syskjenborn, eskimoane eller inuitane som dagens grønlendingar kallar seg. Det vert spanande og alle ombord som vil ta del i dette kan vere med. Alle ombord får vere med i filmane og elles gta del i alt som skjer ombord og på land. Vi er eit felles og samstemt mannskap der Gunnar er skipper på Havella og Elin, hans sambuar er intendant og ofte har siste ordet. Underteikna er berre admiral i uniform i krig og/eller mytteri. Og kjentmann og guide, sjølvsagt.
Ombord i isbjørnsafariskuta er det midtskips to dobbeltlugarar med vask og varmt og kaldt v atn. Desse plassane sel eg til folk som vil vere med på ei eller fleire av de tre trevers etaappane:
1Til Grønland med gode strandhogg på Fæfrøyane og Island og til Grønland , isen, rundt Kapp Farvel og eit par strandhogg før Nuuk der første gruppe tek fly heim.
2. Kayakkturen langs kysten med nye folk i fly frå Norge, til og rundt Kapp Farvel, startar i Nuuk ca.1juli og eg reknar tre veker på den der Pen og eg skal padle i samseglas og felles opplevingar med Havella og alle der ombord. Vi skal inn i fjordane, vitje Eirik Raudes Bratthalid m.m. fiske i elvar og sjø og oppleve både øydemark og folketome sgtrender, eit par mindre bya og småstader, bade i ei varm kjelde og kanskje møte ein isbjørn. .Heilt sikkert mykje sel og kval og reinsdyr. Frå Narssarsuak fly heim til Norge i slutten av juli og nye medseglarar ombord.
3.Heimtur frå Narssarsuak med litt nye medseglarar, dei same opplevingane og strandhogg som før nemnt i sørvestgrønland og via Islaqnd og Færøyane med spanande strandhogg og opplevingar til Norge pluss midten av august
Det skrive i full fart laurdag morgon og no ut på tur i kayakken.og naudsynt trening utan isbjørn og isfjell. Ein fast mann til ombord er Odd Ragnar som skal filme heile reisa og Eventyret.
Til alle som har lese so langt og likar dett seier er del, del. del -
Til dokke som er seriøst interessert i å vere vere med og betale ein skjerv for det, skriv til med på mail www.ragnar.thorseth@gmail.com.
Eg er ikkje attende i Norge før 5. mars og då er det kanskje for seint. Eg kan elles nåast på thaitelefonen min +66 644183244 når eg ikkje er på sjøen.
Takk for merksemda og ha eit glitrande godt nytt år, kanskje med ein Grønlandstur til sommaren.
Best helsing Skaparen og Skalden
Ragnar Thorseth