Var på rotur med "Brattholm Havila", men ikkje på tofta bak årane sjølv.

Sjøsette førre søndag og har hatt to turar på vikane i med og motvind og ein eldriven propell som endeleg fungerar i hop med solcellene og dei to i storleik og vekt små batteria, men i kraft og kapasitet 400amp. Som eg sa til Per Sævik i Havila då eg kom heim i august i 2017 frå Shetlandsturen med retur.: Eg er ikkje ferdig med denne båten og roing og ferder med den.

For to veker sidan kom to kunnige elektroingeniørar i Tesla frå batterisponsor Gylling og jobba med ledningar, målarar og instrument første kvelden til midatt og so til ut på tidleg ettermiddag neste dag. Då vart eg beden om å kome og sjå. Det første dei viste meg var to stappfulle plastnett med kabel og dupedittar på 6-7 kg.Dernest eit heilt nytt elsystem og ei lita vasstett boks som pr to knappar synte meg alt eg trengde å vite om batteritilstand, forbruk, sollading i tal amper, procent m.m. Det var all informasjon som eg ikkje hadde ppå turen i 2017 og som nesten gjorde meg nervevrak av uvisse. Sameleis som dei holete vermeldingane eg fekk pr.radio og telefon. Galskap at eg faktisk la ut på havet uviss og usikker som eg var på heile dette systemet.

Tok difor mot til meg med trygg, tett og fungerande båt å by ein god ven og kjenning på tur med spørsmålet; Kan du enno ro?

Den meirårige ungfolen eg spurte pr. telefon var høvding og heidersmann Per Sævik - meirårig som meg, men framleis sprek og sporty. Havila Per ringde attende etter ein halv time og spurde om det høvde for meg dagen etter klokka 1400, noko som eg sanna og la til at regnkle og livvestar hadde eg.

Per Sævik kom køyrande til gards kl 1300 til ein på sakte dunkande Sabb 6-12 hk semiediesel og alle flagg i tunet til topps. So eit kaffikrus, starting av alle dei andre motorane, fyr på essa i Prozjektzmia og synfaring i alle hus og fasilitetar. Deretter i Per sin bil til Hamnekontoret i Risneset/Storebåtvika og til sjøs.

Per hoppa først ombord og so klivra eg etter med eit plastnett med div. ostar, rjøme, ymse kjeks og lettrøkt kvalkjøt, fenalår og svineskinke. Tre boksar Pepsi Max fylgde med.

Veret var flott med mild bris og Per rodde mot Høymolskjeret - innimellom let eg elmotor og propell skuve attåt, medan vi åt og rødde om laust og fast. Skal ikkje fortelje om kva vi samtalast om. Berre nemne at vi var samde om visse verdiar her i livet og då ikkje dei materielle. TILLIT er noko av det mest kostesame vi og alle kan ha i all vår ferd til lands som på sjøen og den kan ikkje arvast eller kjøpast -

Per takka for den kanskje mest spesielle luchen han hadde hatt i sitt liv då han takka for seg for å rekke neste møte. Til mi utsegn om tronge tider i mitt "forretningsliv", lo han godt og svara: " - Det kan eg alt om"!

Har sjølv takka Per for turen og bede han med fleire gonger om det måtte høve. Turen var kjempebra, berre so altfor kort -

Ragnar Thorseth

Skapar og Skald

Pen var ikkje med denne gongen. Det er med kayakken vi skal på tur.

Ragnar Thorseth