Aceton gjer jobben, men kostar meir enn det smakar!
Eg har hatt mykje glede av dette stoffet til utvortes bruk no travelt jobbande med maling, lakking, liming og handvask av kjemisk metall m.m. Men aldri til innvortes bruk. Men mykje vask utvortes på ting, tang og meg sjølv; hendene.
Det gjekk ikkje so bra i førre veka då eg fekk legekonstatert infeksjon/betennelse i høgrehanda mellom handledd og alboge. Etter dagevis med lakk- og malarkost, 2 dagar med kantklippar og vaskekost og fem timar med tung smihammar for å laga og feste den 159 kg tung ambolten med to tjengar eg smidde og spissa og slo inn av 12mm armeringsjarn, so ville ikkje handa lyde lenger. Makta ikkje å lyfte halvliteren med isvatn, knapt nok opne døra inn i huset til Pen. Ho ville sjølvsagt ringe etter ambulanse og doktor, men eg sa nei og gjekk til sengs trøytt og sliten med ei sviande høgrehand.
Dagen etter konstaterte legevakta at eg var overarbeidd. fekk ordre om å slappe av og resept på pillarar og salve. Det sistnemnde var gjort, eg held fram med å jobbe og handa vart betre dag for dag. Men so byrja hudlaget å protestere mot den kvite kremen eg hadde smurt på i flittige og tjukke lag og sjølvdiagnotiserte salveallergi. Eigenresepten var klar: Få vekk den kvite helseasfalten på handa snarast. Men det var ikkje so lett. Der låg lagvis bøter att både etter grønsåpewask og whitesprit og eg trudde meg til flaska med Aceton og vaska grundig frå skuldertopp til langfingernagl og kremen dampa bort.
Men. I denne prosessen var huda først eldraud og so kom sviinga som om eg hadde lagt handa i essa og etter nokre timar byrja huda å boble og underarma vaks seg jamtjukk med høgrelåret. Og so byrja det å klø so inderleg infernalsk og neste dag ny legevitjing og nye salver.de
Eg fortalde legen om mi eiga doktorering med aceton og at eg ved eit høve for mange år sidan hadda vaska brilleglasa mine i aceton og aldri meir såg anna enn sola gjennom dei. Den gode doktor lo godt og fortalde om då han brukte aaceton til å vaske den gilde samlinga si med vinylplater i aceton. Det vart då ein brå slutt på både sangen og musikken frå platesamlinga.
Dei siste fem dagane ha eg vakna av intens kløe kvar natt og har dusju, tørka og smurt på ny lækjande salve og høgrehanda, framleis lårtjukk, har nesten slutta å klø.
Det verste er likevel av eg i desse dagane har vore nøydd til å knappe opp midtskips for å lense, og i natt klokka to vakna eg av den same intense kløen der og måtte i dusjen for det.
Vel turrtørka kunne eg i spegelen konstatere illraud hud og skinn og håravfall og salvelse der og.
Takk for at det er mandag i morgon og ope apotek. Det ser eg fram til med glede som eg gjorde med sekstanten 28.april 1982 og konstaterte at Nordpolen var nådd med mykje slit, men utan kløe -
Salvande helsing
Ragnar Thorseth
Skapar og Skald som åtvarar aceton til tannpuss. Fyllingane kan smelte -