Dokke veit litt, men kjem ikkje heim til oss slik vi ynskjer. Kvifor ikkje?

No talar eg ikkje heilt sant. Vi ha mange vitjingar av utruleg kjekke, hjelpsame og interesserte folk. Dei sist ut dørene og i bilen på lang heimtur til Sverige, var multikvinne og livskunstnar Mette og husbond og eks. lokomotivchief Endre Holter med masse energi og tiltak.. Desse to gav utruleg mykje av seg sjølv til hjelp og kunne både for Pen og meg. Det vert på mange måtar både i arbeid og samliv Pen og meg imellom ein ny, lettare og betre kvardag. Søndag tek vi heilt fri når Pen har stengt Matbua med Godsaker og køyrer til Nordfjord til ei vedunderleg hytte som son Eirik eig. Får gratislån mot klipp av parkeringsplass og plen).

Her skal vi kose oss med ymse godsaker, prate, treffe gode vener og ikkje tenke butikk og djerve planar. Prozjektzmia er no ferdig og i drift når folk kjem, alle dei hittil fire motorane dunkar og gjev godlyd og lukt når eg vil og på murveggen heng den truleg første påhengsmotoren som kom til Herøy - i alle fall heilt sikkert Indre Herøy. Den er laga i Austeuropa og kjem nok aldri til å gå meir; berre vere der og kanskje kviskre si soge -..Men det aller siste er slipesteinen frå 1800-talet og høgste Einwhaugen. Den har ei soge eg skal fortelje til dokke som kjem. Steinen har eg rigga sjølv på to heller donert av Bjane Tarberg og diamantkutta og med water stilt opp ved IVAN-steinen som huser flaggstonga og som sjølvsagt og har si soge som eg kan kvede. Ta elles med kniv, øks, sverd og spjot eller det dokka måtte ha som treng å kvessast. Dokke må berre dra/sveive steinen ståande på ei drusteleg skiferhelle.

Vi har elles hatt nokre samlingar og blåturar og folk som har kome attende for andre og tredje gong. Maten til Pen er som ho makelaus. Det er elles eg og med alltid noko nytt i ermet eller kjeften som hittil ikkje har skremt vatnet av nokon. Tvert imot vil mange berre ha meir og mitt lager av levde ut- og innfall er utan botn so langt.

Mest truleg er det min feil. Det at vi ikkje har fleire grupper som kjem til vår møtestad med mat og opplevingar.. Vi har ikkje open gard. Folk må ring eller maile og tinge kva dei vil ha og det tek vi sjølvsagt litt mynt for. Men med dette vil eg by alle som måtte vere interesserte i å kome og sjå før ei mogeleg tinging, fritt kan kome å få ei lita Openberring med ein kaffikopp eller anna smågodt som takk for interessa og vitjinga. Vi kjem til å halde ope hus til ut i oktober so eit førjulsjulebord her er mogeleg og velkome. Dokke må berre ringe først. Er på sjøen og ofte med "Brattholm Havila"- shetlandsfæringen som slett ikkje skal pensjonerast og kayakken vår, systerskip til den vi har i Thailand. Pen og eg skal på langtur i nord og vest med den neste år -

 

Bileta er smakebitar frå litt av det vi er saman om. Ta telefonen eller PC-en i neven so gjer vi ein avtale om ei synfaring på Thorsethaugen med noke attåt.

Vi gjer dette først og fremst fordi vi likar å skape noko og eg likar aller best å skalde om det. Pen er meir fåmælt, men ikkje til å unngå å sjå, tale med og gjere folk "happy". Skulle sikkert og kunne ha sagt mykje meir, og det skal dokke få når dokke kjem hit. Freistar det?

Med beste helsing frå "THE SPECIAL TWO" ved Ragnar, Skapar og Skald

Ragnar Thorseth