Leiarskap og lytefri

Oddkajak4.jpg

Eg ville ein gong verte stortingsmann, men mista lysta og hadde truleg berre vorte som dei fleste andre klovnane som er og vil vere det. Eg ville drive med eigne idear og prosjekt og styre alt sjølv - i samråd med mitt mannskap og mentorar som eg har hatt mange av - og har framleis - gjennom livets opp- og nedturar.

Men der er ein ting som etter mitt syn er ein styrande regel for å nå sine mål.: Den leiaren - for stort konsern eller lita sjappe med ujamn økonomi må ha klart føre seg,.

Det går aldri bra når leiarhaudet ikkje veit og fyl med kva hendene (mannskapet og hjelparane) gjer. Når du ikkje har tid eller teft til å sjå og fylgje med i det då går det fort gale.Berre sjå alle grunderverksemdene som får eit nytt og skrinnare liv, når skaparsjela og Ideen forsvinn og vert overteken av økonomane som bestemmer kor mange reker og rømme/fløte og fisk som skal vera i den "himmelske" fiskesuppa og den spontane og ektefødde og glødde opplevinga i produktet.

Vel lever dei fleste over, men sjela med sans og vørdnad for skaparverket vert tapt på vegen og alt vert likt.

Stortingsmann.jpg

Dette får vere mine siste ord på skjermen i dag. Men I`ll be back!

Ragnar Thorseth  Skaparen og Skalden som har ei umisteleg tru på FRAMTIDA og at våre beste dagar enno ikkje er opplevde -

Ragnar Thorseth