Buffalo Bill og hestehaudet hans har vi ikkje i gavlen på Valhall.
Men der er ein samanhang. Vårt Valhallgavl-hingstehovud kjem frå min avdøde ven slaktarmeister Johs.Brudevoll via hans meisterson Roger som no eig og driv den eineståande kjøtbutikken i Ulsteinvik. Den gode og min ven meister Roger Brudevoll har sytt for alt kjøt til Pen sitt kjøken og gryter. Meg hjelper han medknivsliping, gode råd og ting og tang til vårt "Pen og Ragnar Heime" tiltak her på Thorsethøgda.. Alt antikvitetar og raritetar som fortel om liv og gjerning herifrå.
For nokre veker sidan var eg innom med ukvass kniv og Roger baud meg med opp trappene til eit loft med mange hyller. Der peikte han på ein kvit plastsekk med noko uformeleg inni og fortalde om då far Johs var i Texas for nokre år sidan. Der møtte han ein indianar med eit stort, kvitt og skinnfritt hestehaud. Dette er skallen til Buffalo Bill sin hest sa mannen og baud han til Johs. for 5000 dalar.
Det vart ingen handel, men då Johs kom heim og etter nokre år måtte ta avskil med sin kjære islandshingst som i årevis hadde beita på plenen ved sakteriet og b utikken, tok han vare på skallen. Han festa eit tau til haudet og firte det ned i sjøen godt under fjøremålet der det hekk i fleire månader og var mat til krabbar og andre smådyr i sjøen. Med skallen vel inne på tørt land var den skinn og kjøtfri og drivande kvit og endte etter kvart i sekken på øverste hylle.
-Vil du ha den so skal du få den. Ungane er livredde dette haudet, men det er vel ikkje du, spurde Roger.
Eg takka ja, la den i passasjersetet ved førarplassen og heim og inn på stova til Pen. Ho gjorde store auge, men stakk ikkje av. (er etter kvart vand med so ymse). Vi saumfor skallen og noterte av tennene var lause og ei hjørnetann hadde eit hakk. Deretter blanda eg tokomponent kjemisk metall og Pen sette alle tenne perfekt inn i kjevane og bøtte til slutt hjørnetanna med kjemisk metall som eg hadde blanda i fleire omgangar. Tykker eg så eit smil i kjeften på skallen då eg festa den med 2r50 mm lange rustfrie treskruar til ei tørr ospestamme med ei kraftig og lang grein nøye tilpassa hovudet.
Med hjelp av Pål Ola Myrvågnes, ein lang stige og drill, festa vi ospa med skallen til sørvestre gavl på Valhall der hingsten hadde godt utsyn både til riksveg, tunet og gjestar som kom og måtte kome seinar.
I ettertid har er røynd at det eg gjorde, var etter gamal vikingesed og skikk, var å ha reist "Nidstang" - nok som vart gjort på den tid mot fiendar og uvener og som Egil Skallagrimson gjorde moEirik Blodøks, son til Harald Hårfagre. Med andre ord ikkje pent gjort av meg slik sette. Det eg ville var å minnast valkyriane, dei vene jentene som henta daude krigarar frå slagmarka med hest, til eit evig liv i Valhall med den beste mat og drikke og slåsting kvar dag.
Slik er det ikkje i vårt Valhall; berre det beste av mat og drikke og gode opplevingar for både auge og øyrer.Berre kom og sjå sjølve, men først til våren når vi opnar att i april.
Ragnar Thorseth
Skapar og Skald, som takkar for all merksemd og helsingar.