Å vere ein god leiar er vanskeleg. Særleg er det to høve som må stemme.Du gjere det rette sjølv som du trur på og ha dei rette medseglarene.
Sjølv har eg ikkje alltid gjort det rette og beste. Men er har kome meg rundt, forbi, over og stundom under vanskane eg sjølv har årsaka.
Der har eg som oftast dei beste medseglarane og bakhjelparene med meg i tillegg til ein ofte stridig, men kreativ tanke å takle motbøren. Eg har lært at der går ein Gamle-erik, Fanden, bak, føre og rundt meg med kråkefoten sin og eg går på trynet. Dette har skjedd fleire gonger og di meir "meirårig" eg vert, so tek eg omsyn til dette - som oftast, men gløymer meg av og til. Det kan svi. Men å verte jaga frå Trebaatfestivalen sist helg tek eg som eit heidersteikn. Eg maktar enno å få visse folk mot meg. I sanning; det gjer meg godt og sterkare!
Det har og hendt ved eit par høve at medseglarar har laga galskap og nestenforlis. Når dette har skjedd har eg kvitta meg med dei som gale gjorde, men den sanne og djupaste skulda har eg tgeke på meg sjølv. - Det var eg som tok dei til mannskap og tillit. Mi feil, til sist.
Eg var ikkje på Eidsvoll 17.mai 1814. Eg hadde neppe vorten sendt dit i kraft av ingen ting. Min første 17.mai i det Rottenes År 1948 var eg nettkomen til Thorsethgarden saman med Mamma og hennar tøler og ting frå Håholmen med morfar, gullgravar og væreigar Baard Bergseth i hans den gongen staselege skute "Silver Bell" til Myrvågen og buda og kaia hans Peder.
Det vart vi henta med hest og slede i ei seinvårig snøkave. Dåpsakta gjekk det segner om i lang tid blant folk flest og i min familie heilt til no. Den staselege og kjære sokneprest Gåsemyr fekk knapt nok kome til orde, der eg illskreik høgt og sint(hugsar ikkje kvifor) og det vart ei kort preike. Vel heime tok dei av meg bleier og skitbrok og det som skulle samlast opp der, rakk vistnok frå hælane og opp til herdane. Det vart i alle høve fortalt meg monge gonger.
I dag har eg som eg alltid har hatt, det beste mannskap eg alltid har hatt og som har vore med på å bere fram og i mål mine galskapar som det og vert kalla. Nærast er sjølvsagt mi kjære livreddande kone Pen som held ut med meg og stør oppunder, sjølv om eg ikkje alltid fortener det og heller skulle ha hatt eit slag over kjeften og på ræva. Men ho berre teier, men viser ein finger av og til. Då veit eg at eg har gått over streken. Seinast i kveld. Likevel dreg ho slipesteinen når eg kvesser klør, øks eller langorv som skal opp på veggane ute og inne hjå oss her heime på Thorsethøgda.
Samstundes seier ho at ho er bitte, bitte lite glad i meg.
Kan nokon fortelje meg kvifor? Eg vil gjerne høyre sterkare utsegner, men ho brukar ikkje store ord. Og eg er takksam og har all respekt sjølv om eg gløymer meg nokre gonger. Kom sjølve hit til Pen og Ragnar Thorseth Heime og få ei oppleving dokke knapt kan tru.
Beste helsing Skalden og Skaparen
Ragnar Thorseth - som langt ifrå er lytefri -
Men som har ei utruleg stor og god støtte og hjelp frå vener i alle aldrar og heile verda! Mine mistak og feilspark til trass -