For ei veke sidan var eg og mine fartøy jaga frå Trebaatfestivalen i Ulsteikvik sist helg.

Eg hadde gjort avtalar med den høgste leiinga i Festivalen og kva båtar eg skulle stille med. Og eg hadde understreka med breid penn av "flåten" skulle ligge ved Sjøbord/Hotdellet samla. Der skulle eg syne to korte filmar - nylaga - og fortelje om Nedturen, Rdeturen, Roturen og Neste Tur Foredraget og den samstundes pressekonferansen med mitt "Nyhende" skulle vere open for alle og ikkje noko honorar til meg, berre mykje arbeid og kostnadar.

Stor var difor mi undring då eg onsdagskvelden kom for å gjere ein siste puss og justering av båtane, 

Alle var vekk derifrå og ingen visste noko

Ringde til Pen som hadde kjøyrt meg tgil Vik og sa ag eg ville leigde og finne båtane mine og ta dei heimagt til Hamnekontoret i Risneset Myrvåg. Pen kvitgterte på meldinga mi og sa: Berre ikkje bry deg med det dei har gjort. -Vi fer heim.

Etter ein times leitging fann eg dei fire farøya: robåten og Shetlandsfæringen "Brattholm Havila", mi fylgjeskute til Shetland og heim att i 1917 og mitt nye ekspedisjonsfartøy: ein kayakk med ute,iggarar. Oppå styrbordsida på den hadde eg plassert vår windsurfebrett "Saga Siglar II" som trufast fylgde og gledde oss jorda rundt.

trebaat ivar.jpg

Vel heime med båtande i brygga vår og lys og varme ombord, fann Pen eit halvt A4 ark med ei handskriva åtvaring og ordre:

forsvinn.jpg

Eg var først skuffa, so litt forbanna, men det og gleid over og sanna salige Ivar Aasen:

Til lags åt alle kan ingen gjera - sjølv ikkje egosentriske og prestasjonsjagane underteikna som og kan vere snill og hyggeleg på mitt vis.

Eg avlyste naturlegvis pressekonferanse, film og foredraget laurdag kl. 1200 der det vistnok var fleire frammøte.

Drog sjølv til Tfrebaatfestivalen saman med Pen og ein bunke "Pen og Ragnar Thorseth Heime" - brosjyrer og fortalt dei som spurde kvifor eg hadde vorte jaga.

_Jau, opplyste festivalsjef Line Urke, at sjølv eg mått forstå at det ikkje gjekk an å kome i plastbåt til Trebaatfestivalen i Ulsteinvik.

Det har eg notert meg, men kjem heilt sikkert attende ved eit seinare høve, men då kanskje pr bil eller badebukser.

Vi får sjå og takk til alle dei eg møtte og som leid seg gjennom min deklamasjon "Til lags åt alle..." som eg no kan utanboks.

Og filmane og foredraget om "Nedturen, Returen, Roturen og Neste Tur" ligg stødt og sikkert på beddingen som i ein bank.

Takk for alle helsingar og på ÅTERSYN for å seie det med Ivar Aasen.

Skaparen og Skalden

Ragnar Thorseth

Ragnar Thorseth