Tru - tvil - vantru og det mogelege -
Eg har røynd og er midt oppe i det i dag og. No er det noko so banalt som den siste rekninga frå kredittkortselskapet. Kva klarer eg å stable på bordet og i banken til fristen den 15.juli og deretter eventuelt pluss 20 pct. renter?
Eg sleit med det same på vegen til Nordpolen og. Har eg dalar til flyet som skal hente oss ut om vi klarer å kome dit ? Men der var verre ting å kjempe mot som skrugardar, åpne råker, kulde og tendensar til mytteri. Det siste var det verste og det var ikkje snakk om kroner, men tvil om meg som truverdig leiar og utsiktene til å nå målet på 90 grader nord. Ikkje lett å takle. Men ein lang spasertur og djupt fortruleg og open samtale saman med vår ven og ekspert, inuiten Ekaksak Amagoalig, i minus 50 kuldegrader rundt leiren og eit havarert fly med forsyningar, løyste mytterispøkjelset. Det var lange og strie mil vidare mot nord og målet og utreiseflyet kom, henta oss og fekk betalt som avtalen var. Slik har det vore på nesten alle mine ekspedisjonar - finansane har ikkje vore på plass ved start. Unnataket var roturen til Shetland i 1969. Færingen eg brukte var betalt med 350 kr bror Baard og eg tente på tangskjering til 4 øre pr kg og det var ikkje rare utrustninga eg hadde som kosta pengar. Jan Lem frå Firda Canning i Måløy kom med ei kasse sardiner i olje og ei hyggeleg dame gav med eit spekekjøtlår på kaia då eg gjekk ombord. Og etter 10 døgn kom eg til Lerwich på Shetland og fekk m,a. eit fint møte med Dronning Elizabeth og vart småkjendis - Den neste ekspedisjonen kosta, men då hadde eg ein porsjon tillit som hjelpte godt på å kunne realisere "Santho" Nordishavet Rundt i 1971.
Eg har ofte vore i tvil, men har nesten aldri mista trua -. Eg tur på at det umogelege er mogeleg, men ikkje alltid berre driven av eigen kraft, styrke og vilje. Der ligg alltid noko eller nokon attom som gjer det umogelege mogeleg, eller snur heile livet og som i mitt høve gav eit nytt og godt liv - mitt andre liv.
Etter at eg "fekk hesten i haudet" 13. august 2000, gjekk det meste i dass og mest eg sjølv både fysisk og psykisk. Etter fleire år med dårleg sjølvbilde og lite engasjement, krevde eg skilsmål frå mi kone gjennom 38 fantastiske år på land, holme, i is, båt og sjø. Eg ville vere åleine og etter kvart festa tanken på å legge ut på mi siste, store og kanskje endelause ferd åleine. Under vegs og nøye planlegging av denne ferda som ikkje skulle verte avis- og fjersynmat men stille om hemmeleg, levde eg usundt mildt sagt. Det var berre ein ting eg ville ha gjort unna først - eit tre månaders opphald i huset mitt i Thailand som eg elskar.
Midt i mine thailanske månader i synd og svir, dukka det ein kveld opp to unge kvinner. Den eine- og penaste - spurde om jobb som hushjelp hjå meg, noko eg tvert avviste den kvelden: Ho var altfor ung og dessutan hadde eg ikkje bruk for hjelp i huset, sa eg og jentene drog heim. Vi avtala likevel at ho skulle kome attende neste morgon for ein prat.
Ho kom kl. 0900. Eg drakk til ei forandring vatn og vi samrødde heile dagen. Ho om sitt liv, sine barn og familie og eg om mitt. Gjennom samtalen fekk ho vite at eg hadde åremål neste dag, og spurde om eg skulle ha selskap- party? Nei, sa eg. Det kjem berre nokre får vener. Kva skal du by på av mat då, ville ho vite. Eg har både , vin, øl og til ein drink eller tre. Mat får dei nok heime. - Nei, sa ho då som ikkje var 20 år eller yngre som eg hadde trudd, men snart 37 år.- Du kan ikkje ha party utan mat.- Eg skal kome i morgon tidleg å lage mat og stelle huset. Eg er kokk, sa ho, fekk 200 kr til innkjøp av råvarer og møtte kl.0800 neste dag og byrja å jobbe med reinhald, matlaging og vask av mine klede. Sjølv fekk eg ordre om å dusje, skifte skjorte og gå til frisør som eg lydig gjorde.
Klokka 1800 kom vene mine og det vart ein åremålsdag og selskap verken eg eller mine frammøtte vener kjem til å gløyme. Ho-. Pen som ho heiter - kom atte nde neste dag, rydda og skjeina opp og v i samtalast. Ho fekk jobben som min hushaldar og flytta inn på gjesteromet. Resten er historie som eg får ta ein annan gong, men resultatet er ny kone, tre nye barn og svigerforeldre og nytt Liv.
Det umogelege er mogeleg, men ikkje alltid åleine -
Då mine norske og andre vener i Thailand såg kva som skjedde med meg vart deki både forbina og nokre forferda. Ein av mine beste vener, lektor frå Alta i Finnmark, sa det slik:
Vet du at du har vunnet det største loddet i Vikinge,lotto Ragnar? Nei, svara eg og skjøna ikkje kva han sikta til. - Du har fått Pen og et nytt Liv. - Men la han til: -Jaggu tok du mange lodder også!
Skal avslutte med ord eg fekk frå mine gode vener k EU-kommisjonen som har daglege føremiddagsmøter på Blåhuset i Ulsteinvik og som eg har vore mykje saman med der og på ymse turar med både bil og båt m.a. til Håholmen.
Det er Piet Hein sine ord som vi alle kan legge oss på hjartet og eg vil legge til ikkje alltid åleine -
Dette har eg opplevd og lever betre med enn nokonsinne.
Ragnar Thorseth. Skapar, Skald og Vinnar av det største loddet!