Passe på som ein smed kan og gjer eg ikkje alltid -

Det er ikkje viljen det står på alltid. Når det gjeld meg som smed i Prosjektsmia er det mangel på kunne(skap). Eg kan ikkje styre trekken til essa rett og få god og varig varme i glohaugen. Er heller ikkje god på å løde kol i høvelege mengder og då vert ikkje alltid armeringsjerna og boltane som er spjot og dolkemne raud- og kvitglødande som dei skal. Ikkje har eg fått nausynt læring heller. Smedkurset som skulle vere her første helga i mai, var utsett då berre ein mann hadde meldt seg på. Ope for kvinner og. Audun Gaarden, min beste mann i båt til alle tider, var den einaste som hadde teikna seg. Men det vert nye høve etter kvart.Ambolten frå Fiskevegn på trauste 159 kilo står støtt på ein saftig trestokk frå Tonninggarden sponsa av Arnfinn "Polargodt" Karlsen som no restaurerer den gamle og flotte garden attende til fordums tider og stil pluss.

Med dei mange rekningane som kjem rekande til Thorsethøgdvegen 9, er det ikkje kunne som vantar, men mynt. Mange må oftast vente, då fangsten hittil ikkje står i høve til dei som det skal ha. Men eg lovar at når tidene betrar seg og bestillingane på ei makelaust oppleving i eit mangfoldig tun aukar på skal alle få sitt; om enn ikkje alltid til rett tid.

Elles har det vore to sjeldsynte månader sidan vi kom heim frå Thailand. Der hadde eg motbakke og mynt- og makteslaus fekk eg berre laga altan til 3.etasjen og nausttak til kayakken. Naudsynte midlar til mat og transport til kayakkstranda fekk eg gjennom å selje kayakkturar til ferierande folk frå Norge, Thailand, Sverige, Italia og Tsjekoslovakia. Det var ikkje store summar inn, men eg fekk mange turar på sjøen med mykje kjekke folk, transport, ei øl og litt mynt attpå. Men mest lærte eg om kayaken som Pen og eg har to av og skal på langtur med neste sommar. Meir om det når dei naudsynte dalarane er ombord.

Det beste med denne våren her heime, er at "vår" Nath, 22 år og engelskstuderande var med oss heim og lyste opp med sitt gode smil og sinn og gav Mama Pen ei hjelpande hand i Matbua i Tjørvåg og heime. Det siste ho var med på var ein 4,5 timara lang fjelltur med meg til Aurvågselet det det no berre er grastustar som minner om det som var. Eg teikna og fortalde under vegs påp min beste engelsk. So litt klærdom fekk ho kanskje og.

Elles må eg no takke av for denne gong. Dreg til Molde i kveld for å natte over hjå Anny og Trygve Berge. I morgon klokka tid skal eg møte på Hørselsenteret og kanskje få høyreapparat.

Skal love å ikkje ha det på når eg syng eller held foredrag og skaldar. Har fått mykje vellæte for at og dei på attastde benk høyrer kva godt eller gale eg byd på.

Takk for no og alle helsingar frå fjern og nær og velkomne til Pen og Ragnar Heime.

Ragnar Thorseth

Skapar og Skald

- og ikkje lett å halde styr på -

Ragnar Thorseth