35 år sidan Nordpolen
Filmfotograf og eventyrar og ven ringte meg i føremiddaag.- Veit du kva dag det er i dag, spurde han. Nei sa eg, og prøvde å halde dfarsgrensa på veg til Ørsta. - Det er 35 år sidan vi nådde Nordpolen, sa Trygve. Javel svara eg og la til: Aldri meir. - Ikkje eg heller, sa Trygve.
Vil dokke vite meir om ferda med sledar, snøskuterar og ein "båt" laga av ven Sigbjørn Notøy og PlaNy, so kom til Pen og med på Thorsethaugen. Vi har masse å sjå, høyre av opplevingar verda rundt og Pen sin fantastiske mat attåt.
Stort sett budde vi i telt, ei natt i ei fangsthytte og fleire neter i igloo som vår vegvisar Ekaksak bygde med sin langblada kniv. Det var faktisk dei beste netene. Og. Ikkje å gløyme morgonstunda når iglooen var tok, asledane pakka og kvar og ein av oss alle fire kraup inn i iglooen for å gjere våra faste fornødne. Sjølvsagt ikkje alle samstundes.
Her i tunet har vi og fleire alternativ. Tre rom med vatn og eit møblement i porselen og ikkje minst Sirilund med ein tosetar, handvask, lesestoff og Sonja og Harald i full og fargerik mundur på austveggen ved sida av spegelen kjøpt på Gjenbruk i Myrvåg.
Kom og prøve både det eine og hitt og takk for alle helsingar og kommentarar.
Velkomne hit og opplev det Makelause.
Beste helsing Ragnar Thorseth
Skapar, Skald og snar smed. Essa var i full fyr seinast i går.