Utakk er ikkje alltid verda si løn

 

Eg har høyrt det same før. Men at eg skulle få det no frå mi livreddande kones og "vår" dotter Nath, 22år; hadde eg aldri drøymt om eller vona på. I eit handskrive fylgjeskriv som eg ikkje skal fortelje her, skriv ho at "You are a very special man." Eg innleiar med at utakk ikkje alltid er verda si eller mi løn. Det er for meg sannare enn nokon skulle tru. Ikkje fordi eg alltid har fått so mykje utakk eller alltid takk, men fordi summen eg har fått stig over alt eg kan tenkje meg og som eg synes fortent.

Eg har berre vore meg sjølv på vondt og godt og ikkje alltid vore bevisst på å gjere det gode. Berre det velfortent gode for andre. Likevel får eg augedråpefyllte takk av ei eldre dame i gangen på Blåhuset i Ulsteinvik. Ho takkar meg fordi eg taler so vel om mi thailandske kone Pen på TV. 

Når eg f.eks spør enkelte sponsorarar kvifor dei er med, er svaret oftast at dei tykkjer mine mål er spanande og interessante. Dei er medseglarar på godt og vondt og tek ein sjanse og ein kostnad.

Korleis skal eg takke alle dess som har gjort livet mitt til eit so langt mangeårig og kanskje evigvarande eventyr?

Eg veit ikkje og ventar heller ikkje noko svar.

Trur at det beste eg kan gjera er å hald fram mot nye mål og eventyr; opplevingar å dele med dokke alle.

Beste helsing og på attersyn og -høyr.

Ragnar Thorseth

Skapar og Skald

 
 

Fylgjande ord og tankar vart tufta på tofta om bord i robåten «Bratthol Havila» på veg heim frå Shetland sommaren -15. Orda kom då eg såg at eg ville greie tur-retur roturen som planlagt og spørsmålet «Kvifor har eg lukkast?» dukka opp.
Dei same orda gjeld for alle som har bidrege til at vi no har klart å skape «Pen og Ragnar Thorseth Heime» slik det no er: Med stor og lita og heilt naudsynt hjelp av mange meir og mindre kjente vener og støttespelarar.
Denne same takka går til alle som kjem til oss og ser og voneleg vil gle seg og minnast det vi gir dei.

 

 

Helsing

Tankar og takk

 

Ragnar Thorseth som takkar og ser det slik:
Var ikkje fødd med sylvskei i storekjeften,
Men med genar gilde frå ætt og «galnemannsteften».
Vaks opp med hest, sauer og kyr, plikter, bøker og mykje styr.
Det var hesjing på streng og torvspa i myr.
Mett i magen so i seng. Mor høgtlas – eg draumsov som i ei eng.
Opp tidleg til jobb og ikkje fest – slått til silo bak pappa sin hest.
- Men med bikkja i båten eg likte meg best.

For vide og vågalt i ungdommens vår. Heldt fram med det i manndoms år.
Drøymde og gjorde «galne» byks med vener om bord ifrå kyst til kyst.
Utan dei mange bak meg og med  – hadde eg aldri fått sjelefred.
Åra har gått meg med og i mot – ser ingen grunn stogge tankar og fot.

 

Med beste ønskjer, takk og helsing
Ragnar Thorseth
Skapar og Skald

 
Ragnar Thorseth