Smedkurs på Thorsethøgda første helg i mai.

prosjektsmia stort påske.jpg

Det har vore travle dagar for Pen og meg etter at vi kom heim frå Thailand. Pen har vore i matbua si Thai Godsaker ved Coop i Tjørvåg nesten kvar dag. Ho har hatt selskap av vår skjønne dotter Nat som har gjort dagane trivelegare for ho. Eg har hatt betre samvit når eg saman med gode hjelparar har reist Prosjektsmia vegg i vegg med HK-Katedralen. Smia er smalare,ikkje so breid klint inn i fjellveggen, men med eit lågare tak, vindu og etter kvart torv og gras på skråtaket. Ambolten på 159 kg og essa er på plass og når smedmeister Magne Raknes frå Stranda kjem med sine fire esser og utstyr 5.mai vert det full fyr og varme. Meister Raknes har framleis plass på kurset og kan nåast på tel 959 00606. Eg skal bidra med ymse smakebitar, omvisning på bruket og kanskje ein film i Valhall om siste rotur slik den verkeleg var. Mitt bidrag kostar ingen ting. Pen diskar opp med god mat for dei som ynskjer det mot ein skjerv.

Kan ikkje love same fine veret som på tunbildet frå Aurvåghornet eller Honnjet som vi seier, men vi har tak til alle

I dag set eg meg i min gamle Mers stasjonsvogn og køyrer til naust og utedobyggjar Knutr Olav Solemdal for å tente takrenne i uthola tre til Smia. Den skal smørjast med kokande steinkoltjøre og hengast opp med tjørekokt kjett i kva ende til vassnedlaup med never over. Ikkje noko sjusk der altso.

Her er ambolten frå Fiskevegn med Ørjan Midthjell på tilhengaren Audun Gaarden og eg henta den med i haust. Snart skal den brukast til det den er bygt for- 159 kg med kraft og motstand som gjer glødande jarn til smør.

Ring meister Magna Raknes. tl 95900606 og lær og opplev noko du aldri før har vore med på.

Beste helsing Ragnar Thorseth

Skapar- Skald- og snart kanskje smed og-

Ragnar Thorseth