Heime og til Førde, Kongsvik, Torsheim og Merscen

Torsheim båt.jpg

Gode Vener og takk for alle helsingar og Godord. Veit ikkje om alt er like fortent? Pen og vår dotter Nat har hatt matbua open i ruskeveret både laurdag og i dag.Kanskje ikkje dei rekordhøge salstale, men Pen er nøgd og særleg takksam for alle gode vel heim att helsingane. Utan vanskar har det ikkje vore.. Først sleit eg med å bøte elkablar kutta av snøbrøytgeskjeret med kniv, kontaktspray og gråbeinstape, so møtte Pen veggen. Folk utan kontante pengar som meg, kunne ikkje kjøpe noko då kortlesemaskina streika etter få timar. Det same skjedde i dag, men med dataspesialist og støttespelar Øystein Kleppestrand sine utrykningar, er no alt oppe og går. Det same er Matbua frå ca. kl 1200 mandag.

Kongsvik.jpg

Då set eg meg i limmoen til son Eirik(ein råsterke BMW) og tek laust for Førde til Holmenkollhoppar og bilspesialist og entusiast Bjart Kongsvik med røter frå Honnjdalen,men busett i Førde med si skjønne Jomfru Oddhild. Der skal Eifrik og eg glise og glo på nokre av farkostane til Bjart og doningen min, før vi dreg til Sunnfjord Hotell for atter å møte min gode ven Oddvar Torsheim, kunstnar i alle led og full av liv og moro. Slik var han i alle høve då Audun Gården og eg leverte Merscen i vinterhamn for 4,5 månader sidan.(bildet).

Der skal eg mot løyve som eg reknar med eg får, servere medbrakt føde til oss alle med eige bestikk og det som høyrer med. Det flytande, ventar eg med til vi er heime med Oddhild og Bjart for kveldsmat og seng.

Rapport om det kjem kanskje seinare...

Med beste helsing

Ragnar Thorseth

Skapar og Skald

Torsheim gruppe.jpg
Ragnar Thorseth