For alle mugger og vindar Heim til Thorsethøgda

Etter midnatt lokal Thaitid set vi oss på flyet og mellomlandar i Oslo for å byte farkost. Kl 1400 landar vi på Vigra der eldsteson Eirik hentar oss i sin limouisine.

Vi er kone Pen og mi favorittdotter Nat som kallar meg Papa og det likar eg godt. I bagasjen har særleg eg mykje viktig lærdom om mi strålande Pen og om farkosten vi skal på langtur med neste år om sponsorane vil. Kayakken i Thailand har gitt meg mange røynsler som det leeikety det er, og som eg har forbetra og forsterka. Og skal gjere det same pluss med kayakken vi har heime.

Om Pen kan eg fortelje at ho no er kvitt sjøsykja og har forsterka min tillit til ho utan grenser.

Og so vert det ravle dager på haugen. Alt komande laurdag skal ein ven og kjenning med røter både frå Nordfjord og Bjørkedalen og båt utdrikkast. Eg skal syte for at han ikkje vert kjølhalt eller druknar og sjå han vel heim til si komande lovleggifte kvinne og barn.

Elles er det mange blanke dagar i bestillingsboka til Pen og Ragnar Thorseth Heime.

Kom seinast i slutten av mai, so får dokke og oppleve mi flotte dotter Nat som studerar engelsk på fjerde året ved eit stort universitet i Bangkok. Men ikkjde noko tull eller byks...

Ragnar Thorseth

Skapar og Skald

..med både søner og døtre han er stolt av

Ragnar Thorseth