Heime i Thailand

Torsheim gruppe.jpg

Pen og eg har no vore pluss tre månader i Thailand. For det meste har eg vore her åleine, medan Pen har vore hjå sonen Not, Mama og Papa 200 km herifrå. Ho har hjelpt til heime med smått og stort og seks dagar i veka har Mama og Pen vore på den lokale marknaden nokre km unna og selt heimelaga mat og sjølvdyrka og hausta deilige frukter frå eige land.

Pensjonen til Pen si mor er berre 150 kr pr mnd og Papa som er i 70åra får nesten 200kr .

Derfor har Pen vore med mor si og hjelpt til. Mama er snart 70 år og ei lita vever kvinne på berre 37 kg. Men arbeidsgnisten er der framleis, sjølv om helsa og fysikken strittar imot. Pen står på og er i front og sikkert like sliten som då ho reiste frå Norge etter ein lang sesong i matbua og gjestegrupper til mat og oppleving heime hjå oss på Torsethøgda.Likevel gledar ho seg til å kome heimatt til Norge til vår heim og sine syslar Ikkje minst er det stor stas at dotter Nat på 21 år skal vere med oss og vere hjå oss i vel to månader. Lurer på kva og kvar vi skal vere den 17.mai?

Sjølv er eg godt nøgd med den nye sjølvbygde altanen til husværet i 3.etasje, naustet til kayakken med grønt skråtak langs langveggen og alle røynslene eg har gjort på mine turar med kayakken. Dei er gull verdt og gjer at eg no har laga forbetringar og forsterkningar som skal gjere padleturen i tildels isfyllt farvatn trygg og god neste sommar.. Men meir om det seinare.

Den siste heile helga her i Villa Norway kjem heile Pen si nærfamilie med Mama, Papa og tre born.Det gleder vi oss til alle i hop og på menyen ein dag skal eg by på høgfjellsbeita pinnekjøt av lam med kålrabisstappe, surkål og poteter. Det vert og ein skvett øl eller raudvin og akevitt, ikkje tequila som eg naudkjøpte klokka 1800 julafta.

Til slutt enno ei takk til meir enn 1000 helsingar på åremålsdagen min den 17. februar og minst like mange klikk og kommentarar til ymse ord og bilete eg la ut. Vi kjem heim 21.mars og det går nok ikkje mange dagane før Pen si matbu "Thai Godsakar" er open og duftande av mange slags rettar og eg er på telefonen eller kjem på kontora med mine delikatesser-

Takk og beste helsingar frå

Ragnar Thorseth

Skapar og Skald

Ragnar Thorseth