MeToo-Ragnar Thorseth?
Det er hittil ingen som har spikra meg på Nidingstaken "MeToo" førebelse. Om det er rett og rettferdig, skal eg ikkje seie noko om. Berre nemne at då eg snakka med sekretæren til tannlækjaren min i Måløy i føremiddag og spurde om eg og i framtida kan spørje ho: Får eg gi deg eit kyss på kinnet, du skjønne jomfru?, svara ho- Ja og Gjerne. "-Vi likar litt sexpress her på jobban. Då går det betre og er trivelegare" la ho til og ynska meg snarleg attende.
Jaj.Ja, svara eg.- Då vert hola sikkert betre stelte og tetta skikkeleg- Det var ho samd i og etter ein prat med tanndoktor Rolf, vart vi samde om at eg ikkje trengde nokon ny sjekk før avreise til Thailand om 14 dagar ca. Dette høyres kanskje ut som drukkenspapprat, men er etter mi meining noko å tenke på. Skal ikkje gi meg ut som feilfri ypparsteprest, men likar å fleipe og skøye både med kvinner og menn og har hittil gått skotklar. At eg i mine meirårige år kanskje og har vorte utsett for utidigheiter av både kvinner og menn, skal eg ikkje fortelje om. Heller ikkje påstå at eg er av dei siste dagars heilage og skuldfri i eitt og alt. Berre takke for all merksemd og kommentarar til mine epistlar og lovar ein til før eg set meg på flyet til Thailand og mi kjære Pen.
Det vert pluss to månaders sponsa reise til Thailand med markering av min runde meirårige dag den 17. februar. Då reiser eg heitatt til sola som har kome over "Honnjet" og arbeid med neste sommars eventyrseglas i kayakk saman med Pen. Dette får dokke høyre meir om etter kvart og i alle høve før jul. Takk for all merksemd.
Skaparen og Skalden - Ragnar Thorseth