Pen med motorsag

Pen har berga husvarmen for neste år og.

Vinterveden for neste år er sikra. Eg har felt bjørketre, bror Baard transportet til hogstplass med sin firehjulsdrevne Fiattraktor av eldre årgang. Eg kvista og byrja å kappe i høvelege lengder,og so kom vinterkledde Pen med frukt og kaffe for å sjæ på verket.

Eg hadde knapt fått i meg kaffien før Pen bad om å få motorsaga i hende og fullføre jobben.Eg starta saga og gav ei lynkurs i HMS og Pen tok over og fullførte. Eg berre mata stokkane i posisjon. Etterpå stabla vi alle kubbane i fleire høgder og dekka og surra til med ein presenning for tørking og vern.

Til våren i april skal kubbane køyrast heim og kløyvast og stablast i Heimenaustet der kayakken då skal veree ute på sjøen og veggane fri for vedstablar. Det vil ho og vere med på slik aty vi kan by på god peisvarme til gjestane vi vonar vi kome til Pen og Ragnar Thorseth Heime. Sjå elles film og takk. Der er meir nytt.

Gild kone eg har?

Beste helsing
Ragnar Thorseth
Skapar og Skald

Ragnar Thorseth