Vi fyrer for livet-

pen kløyver 1.jpg

Pen og eg trudde vi hadde vinterved nok, men der bomma vi stygt. Skal ikkje klage på haustveret, men kaldt har det vore og vedkubbane har smelta som smør i peisen for å halde tempen på toppen i stova. Pen likar kulde ille og når eg har vore ferdig med mine fysiske strabasar i sandalar uten strømper utadørs og kjem inn. Då vil og eg ha det heitt.

Såg difor tidleg at om vi skulle ha peisvarme ved og etter heimkome frå Thailand 21.mars, so måtte vi ha påfyll. Våre gode vener Plaa og Bjørnar vart berginga. Ved deira arbeidsstad i Saunesmarka hadde dei lastebillass med turre og kvista tømmerstokkar frå ein før overgrodd hage og vi fekk forsyne oss som vi ville. Eg drog dit med Pen sin brødboksbil og lasta fullt til under taket og mange lengder rakk langt bak bilen. Etter å ha surra godt, kom Bjørnar med ein stor raud klut som eg surra på bakerste babord ende og køyrde trygt og godt heim via min gode granne Magne som lånte oss 4-tonns vedkløyvar.

Vel heime og rigga tok eg motorsaga i hende og Pen vedkløyvaren - ho slapp å bruke øks.Etter berre fire-fem timar var heile vedlasta kappa, kløyvd og av Pen stabla skjønsamt under rafta på austveggen på "Hæmnaustet". I lag kosta vi og rydda både bil og hogstplass og vel i hus kunne vi gle oss over ein nesten glødande peis med ved frå våre vener Kern.

Elles går det i pakking og planlegging.Eg har skaffa naudsynte medisinar til gards og Pen har pakka i fem 4-vekers doseøskjer. Pen har handla svarte skjorter i hopetal til barn, syskjen og vener til kr.10 pr stk,( det er sorg etter Kongens død), medan eg har gjort klart lettrøkt kvalkjøt og pinnekjøt for vinteren i Thailand.

Vi gled oss til avreise Vigra søndag morgon og til Thailands vinter og slekt og vener  Derifrå vil det kome fleire brev.

Med takk for alle kommentarar og helsingar og beste helsing og ynskje om ein god vinter og her i Norge.

Ragnar Thorseth- Skapar og Skald

 

 

Ragnar Thorseth